Ein darcy og millidarcy (mD) er ei måleining for permeabilitet, kalla opp etter Henry Darcy. Måleininga er ikkje ei SI-eining, men vert mykje nytta i petroleumsindustrien og geologi. Som andre mål for permeabilitet har ein darcy dei same eingane som areal.

Definisjon endre

Permeabilitet måler kor mykje væske som kan renne gjennom ein stein (eller anna porøs media). Ein darcy er definert av Darcy-lova og kan skrivast som:

 

der:

  er gjennomstrøymingsfarten gjennom mediet
  er permeabiliteten til mediet
  er den dynamiske viskositeten til væska
  er den praktiske trykkskilnaden
  er tjukkleiken til mediet.

Eit medium med ein permeabilitet på 1 darcy let ein straum på 1 cm³/s til ei væske med viskositet 1 cP (1 mPa·s) under ein trykkgradient på 1 atm/cm over eit tverrsnitt på 1 cm². Ein millidarcy (mD) er lik 0.001 darcy.

Kjelder endre