Datalinklaget er lag to i OSI-modellen og tek imot førespurnadar frå nettverkslaget og sender førespurnadar til det fysiske laget. Hovudoppgåva til datalinklaget er å sørgje for at informasjon blir overført utan tap mellom maskiner på det same nettverket. Ethernet er eit eksempel på datalinklags-teknologi (Ethernet omfattar og det fysiske laget).

For å oppnå sikker drift blir straumen av data delt opp i mindre delar, omtala som rammer. Viss ei ramme blir skadd på vegen mellom avsendar og mottakar, kan den identifiserast og bli send på nytt. Dette blir gjort ved at for kvar ramme som blir send, så må mottakaren av denne sende ei kvittering. Ei kvittering er ganske enkelt ei ramme som berre blir brukt for å gi beskjed om at overføringa gjekk bra. Denne delen av datalinklaget blir ofte kalla Logical Link Control

Viss det er mange maskiner knytte til same nettverk må datalinklaget også kontrollere tilgangen til det delte overføringsmediet. Dette blir handtert av ein komponent av datalinklaget som ofte kallast Medium Access Control.