Datavirus
Datavirus eller virus er eit slags program som har som eigenskap at den kan reprodusere seg sjølv frå ei infisert vertsmaskin til ein anna. Eit datavirus kan spreie seg ved å kopiere programkoda inn i andre køyrbare filer, datamaskinas oppstartsektor, eller gjennom dokumentmakroar. Når ei infisert datafil vert kopiert over til ei uinfisert maskin, vil programkoden byrje å kopiere seg sjølv til kvar fil som seinare vert lagra på den infiserte maskina.
Ormar
endreEin variant av virus er ormar, som ikkje treng nokon vert for spreiing. Den har sjølv dei mekanismane som trengst for spreiing, men oppfører seg elles på same måten som virus.
I tillegg til reproduksjon, kan både virus og ormar ha andre funksjonar. Desse funksjonane kan vere harmlause, til å kunne vere svært destruktive ved å slette all data på harddiskar og anna lagringsmedia som seinare nyttast i den infiserte maskina. Nokon virus og ormar er tidsbomber som går av ved eit viss tidspunkt, eller logiske bomber som går av etter ei viss handling. Ofte vert ormar nytta til å avlytte brukarens passord for å skaffe kontroll og ta over maskina.
Det minste kjente dataviruset er på 13 byte.
Trojansk hest
endreEin annan variant er Trojansk hest. Dette er uønskte programvare som utgjev seg for å vera noko heilt anna, eit produkt som folk gjerne vil ha. Dess meir populært det er, jo større vert risikoen for at programvara vert lasta ned. Trojanske hestar kan og ha funksjonar som gjev brukaren inntrykk av at programvara som er nedlasta er reell, så den skjulte programvara kan operere fritt. Ofte inneheld Trojanske hestar spionprogramvare, men kan og innehalde virus som startar å spreie seg etter at det er lasta inn.