Dave Clark (fødd 15. desember 1939 eller 1942) er ein engelsk musikar, låtskrivar, plateprodusent og entreprenør. Han var leiar, trommeslagar og manager for beat-gruppa The Dave Clark Five i 1960-åra. Dei var det første bandet i den britiske bølgja som følgde The Beatles til Amerika i 1964. I 2008 vart Clark og bandet hans innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[1]

Dave Clark

Clark på amerikansk fjernsyn i 1965 med The Dave Clark Five
Fødd15. desember 1939 (84 år) eller 15. desember 1942 (81 år)
FødestadTottenham i Middlesex i England
FødenamnDavid Clark
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1957
SjangerBeat-musikk
InstrumentTrommeslagar, låtskrivar
Tilknytte artistarThe Dave Clark Five
Verka somMusikar, låtskrivar, produsentar

Karriere endre

 
The Dave Clark Five på The Ed Sullivan Show i 1966. Frå venstre: Denis Payton, Dave Clark, Mike Smith, Rick Huxley og Lenny Davidson.

Clark var fødd i Tottenham, som då låg i Middlesex, og slutta på skulen utan utdanning då han var 15 år gammal for å bli stuntmann på film. Han spelte i over 40 filmar.[2][3][4] Seint i 1950-åra kjøpte Clark seg eit trommesett og lærte seg sjølv å spele. Han skipa eit skiffleband for å tene pengar, slik at fotballaget hans kunne reise til Nederland. Skifflegruppa utvikla seg til å bli The Dave Clark Five med Clark som leiar, medlåtkskrivar, manager og produsent.[4][5]

The Dave Clark Five vart gradvis meir populære i Storbritannia. Dei flytta The Beatles sin «I Want to Hold Your Hand» ned frå førsteplassen på den britiske singellista i januar 1964 med sin eigen «Glad All Over». Den britiske pressa kalla dei ei kort stund «den største trugselen» for The Beatles.[6] The Dave Clark Five var det første bandet i den britiske bølgja som følgde Beatles til Amerika i 1964,[6] der dei fekk 15 hittar inn på Topp 20 på rad.[7] Dei spelte òg på The Ed Sullivan Show fleire gonger enn nokon annan engelsk artist.[6] Dave Clark vart eit populært babynamn i 1960-åra.[8]

Andrew Loog Oldham, tidlegare manager for The Rolling Stones, snakka om den tidlege suksessen dei hadde som rivalar til The Beatles:

Om The Beatles nokon gong såg seg over skuldra, så var det ikkje The Stones dei såg. Dei såg The Dave Clark 5 eller Herman's Hermits.[9]

Bandet vart oppløyst i 1970, og ein avart av bandet i 1972. Clark stoppa å spele trommer etter han braut fire knokar i ei akeulukke i 1972.[2]

Han skreiv seinare science fiction-musikalen Time, som hadde sin debut i 1986. Musikalen gjekk to år på West End i London med Cliff Richard (seinare David Cassidy) i ei av rollene.[4] Musikalen lanserte òg eit konseptalbum kalla Time med Richard, Freddie Mercury, Leo Sayer, Stevie Wonder og Dionne Warwick. To millionar eksemplar vart seld og det inneheldt fleire hitsinglar.[10]

Entrepenørskap endre

Clark er ein suksessrik entreprenør og mangemillionær. Han eig eit hus til 12 millionar britiske pund i Vest-London.[2][11] Heilt frå starten eigde Clark sjølv alle rettane til musikken til The Dave Clark Five og i 1993 gav han ut nymastra versjonar av alle singlane deira på CD, Glad All Over Again.[4] Seint i 1960-åra, i tillegg til å styre bandet sitt, byrja Clark å regissere og produsere for fjernsyn. I 1968 laga han ein «særs suksessrik» fjernsynsproduksjon, Hold On, It's The Dave Clark Five.[4] I 1980-åra fekk han rettane til det britiske musikkshowet frå 60-talet, Ready Steady Go!.[12]

Då han gav ut ei hitsamling i midten av 1970-åra, budde Clark i USA i eitt år, og unngjek ddermed å betale skatt i Storbritannia. Dei britiske styresmaktene gjekk til retten for dette, men tapte.[13]

Personleg liv endre

Clark var nær ven med Queen-songaren Freddie Mercury, som han hadde kjend sidan 1976.[14] Clark sat ved senga hans då Mercury døydde i november 1991.[14][15]

Prisar endre

I 2008 var det 50 år sidan bandet vart skipa og The Dave Clark Five vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[1][16] Clark gjorde eit sjeldan offentleg frammøte og i lag med to andre medlemmar av gruppa aksepterte han prisen på vegner av gruppa.[17]

I 2014 skreiv, produserte og medverka Clark i dokumentarfilmen The Dave Clark Five and Beyond: Glad All Over.[18]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «The Dave Clark Five». Rock and Roll Hall of Fame. Arkivert frå originalen 28. juni 2011. Henta 17. mai 2011. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Pierce, Andrew (10. desember 2008). «Dave Clark: Why I turned down a gong from Harold Wilson». The Daily Telegraph. Henta 29. april 2018. 
  3. Green, Graeme (13. oktober 2008). «Beatles rival on sex, drugs, rock'n’roll». Metro. Henta 29. april 2018. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 «The Dave Clark Five». Classic Bands. Henta 29. april 2018. 
  5. «The Dave Clark Five». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 8. november 2007. Henta 29. april 2018. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Clark, Rick; Unterberger, Richie. «The Dave Clark Five». Allmusic. Henta 29. april 2018. 
  7. James, Gary. «Interview with Dave Clark». Classic Bands. Henta 29. april 2018. 
  8. «Dave Clark Five – DaveClarkAnkeny». Sites.google.com. Henta 29. april 2018. 
  9. Sharp, Ken (27. september 2014). «Andrew Loog Oldham dishes on rock’s biggest movers and shakers». Gullmine. Henta 29. april 2018. 
  10. McCormick, Neil (29. april 2018). «Dave Clark: inscrutable pop mastermind». The Daily Telegraph. Henta 29. april 2018. 
  11. «Biography: The Dave Clark Five». Tune Genie. Arkivert frå originalen 4. april 2010. Henta 29. april 2018. 
  12. Fiddy, Dick. «Ready, Steady, Go! (1963-66)». Screenonline. Henta 29. april 2018. 
  13. «Dave Clark Five». taxationpodcasts. 21. oktober 2011. Henta 29. april 2018. 
  14. 14,0 14,1 «This week the Queen idol would've been 65... now pop star Dave Clark reveals: 'Freddie chose to die when his life stopped being fun' ». Mail Online. Henta 29. april 2018
  15. «'No, I haven't had a facelift – honest': Pop star Dave Clark talks about sex, drugs... and ageing». Daily Mail. 16. oktober 2008. Henta 14. mars 2013. 
  16. «Dave Clark Five». British Invasion Bands. Arkivert frå originalen 13. januar 2009. Henta 29. april 2018. 
  17. Simpson, Richard (12. mars 2008). «Dave Clark thrives! But has he had Botox on a few bits and pieces?». Daily Mail. Henta 29. april 2018. 
  18. «BBC Two - The Dave Clark Five and Beyond: Glad All Over». BBC. Henta 29. april 2018. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Dave Clark