David Briggs
- Denne artikkelen handlar om musikaren frå California. For musikaren frå Alabama, sjå David Paul Briggs.
David Briggs (29. februar 1944–26. november 1995) var ein amerikansk plateprodusent som er mest kjend for arbeidet sitt med Neil Young og bandet hans Crazy Horse.
David Briggs | |||
| |||
Fødd | 29. februar 1943 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Douglas | ||
Død | 26. november 1995 (51 år) | ||
Dødsstad | San Francisco | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1962–1994 | ||
Sjanger | Hardrock, countryrock, bluesrock | ||
Verka som | Plateprodusent |
Biografi
endreDavid Briggs var fødd i Douglas i Wyoming, men slo seg ned i California. Tidleg i 60-åra byrja han å jobbe i musikkbransjen i selskapet til Bill Cosby, Tetragrammaton Records.[1] I mai 1966,[2] fekk han høvet til å spele på Elvis Presley-albumet How Great Thou Art då Floyd Cramer kom for seint. Briggs fortsette å spele og turnere med Presley fram februar 1977.[3] Eit av dei første albuma han produserte var for komikaren Murray Roman. I følgje Briggs var dette det første albumet nokon gong med ordet «fuck» på det. Briggs arbeidde etter kvart sjølvstendig med folk som Alice Cooper, Spirit og Jerry Lynn Williams.[4]
I 1968, etter å ha plukka opp ein haikande Neil Young, produserte Briggs det første soloalbumet hans, Neil Young (1968). Dette førte til eit livslangt venskap mellom dei to mennene, og Briggs var med å produsere mange album for Young, mellom anna Everybody Knows This is Nowhere og After the Gold Rush. Det siste albumet han produserte var Young sitt Sleeps with Angels i 1994, før Briggs døydde i 1995. Briggs har òg arbeidd på album for artistar som Spirit, Tom Rush, Nils Lofgren, Steve Young, Nick Cave and the Bad Seeds og Royal Trux.
David Briggs døydde 26. november 1995 etter lang kamp mot lungekreft, 51 år gammal.
Utvald diskografi som produsent og medprodusent
endreNeil Young
endre- 1968 - Neil Young
- 1969 - Everybody Knows This Is Nowhere
- 1970 - After the Gold Rush
- 1974 - On the Beach
- 1975 - Tonight's the Night
- 1975 - Zuma
- 1977 - American Stars 'N Bars
- 1978 - Comes a Time
- 1979 - Rust Never Sleeps
- 1979 - Live Rust
- 1981 - Re-ac-tor
- 1982 - Trans
- 1985 - Old Ways
- 1987 - Life
- 1990 - Ragged Glory
- 1991 - Weld
- 1993 - Unplugged
- 1994 - Sleeps with Angels
Andre artistar
endre- 1969 Summerhill - Summerhill
- 1970 Alice Cooper - Easy Action
- 1970 Tom Rush - Wrong End of the Rainbow
- 1970 Spirit - Twelve Dreams of Dr. Sardonicus
- 1971 Nils Lofgren & Grin - Grin
- 1972 Nils Lofgren & Grin - 1+1
- 1972 Spirit - Feedback
- 1972 Steve Young - Seven Bridges Road
- 1975 Nils Lofgren - Nils Lofgren
- 1976 Nils Lofgren - Cry Tough
- 1986 Bradley Ditto - Check Me Out
- 1992 Nick Cave and the Bad Seeds - Henry's Dream
- 1995 Royal Trux - Thank You
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «David Briggs» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://djangomusic.com/artist_bio.asp?pid=P+++407102&morebio=1
- ↑ «Keith Flynn's Elvis Presley Pages». Keithflynn.com. Henta 2. juli 2013.
- ↑ «Elvis Presley In Concert». Elvisconcerts.com. Henta 2. juli 2013.
- ↑ http://www.answers.com/topic/jerry-lynn-williams-rock-artist?cat=entertainment