Davor Šuker

kroatisk fotballspelar

Davor Šuker (fødd 1. januar 1968) er ein kroatisk tidlegare fotballspelar frå Osijek som vann VM-bronse med Kroatia under VM i fotball 1998, ein meisterskap der han vart toppskårar med sine seks nettkjenningar. Midtspissen vann same året meisterligaen med Real Madrid.

Davor Šuker


Statsborgarskap Kroatia, Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia
Fødd 1. januar 1968 (56 år)
Osijek
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 2002, VM i fotball 1998, VM i fotball 1990, Sommar-OL 1988, EM i fotball 1996

Utmerkingar

Honorary citizen of Osijek

Klubbspel endre

Šuker spelte til 1991 seks sesongar i den jugoslaviske toppserien, frå 1985 på heimlege Osijek og frå 1989 på Dinamo Zagreb. Hausten 1991 flytta han til Spania og var Sevilla-spelar til sommaren 1996. Šuker vart då overført til Real Madrid. I sin fyrste sesong på Real var han med om å vinne den spanske ligaen, og med 24 ligamål enda han også som laget flittigaste målskårar. I mai 1998 fekk han som innbytar spele nokre av sluttminutta då Real Madrid vann meisterligafinalen 1-0 mot italienske Juventus. Sommaren 1999 gjekk Šuker over til engelske Arsenal FC, ein klubb som våren etter tok seg til finalen i UEFA-cupen 2000. Finaleoppgjeret mot tyrkiske Galatasaray enda mållaust. Šuker, som kom på bana i andre ekstraomgang, bomma då han som fyrste Arsenal-eksekutør fekk sjansen i straffetevlinga. Galatasaray vann UEFA-pokalen etter 4-1 i straffeskytinga. Der etter avslutta Šuker si tid som aktiv med ein sesong i West Ham United og to i 1860 München. Våren 2003 la han opp.

Landslagsspel endre

Šuker debuterte på Kroatia sitt ferske landslag i desember 1990, då Romania gjesta Rijeka til vennskapskamp. I 1991 spelte han to landskampar for Jugoslavia og skåra sitt fyrste landslagsmål då Færøyane måtte tole 0-7 i ein EM-kvalifiseringskamp. Frå oktober 1992 spelte Šuker landskampar for Kroatia og skåra dei neste åra jamt og trutt for landet sitt. Under Fotball-EM 1996 putta han tre mål i dei fire kampane til Kroatia, som rauk ut i kvartfinalane mot den blivande europameisteren Tyskland. To år seinare vart Šuker toppskårar under Fotball-VM i Frankrike, der Kroatia sikra seg tredjeplassen då han vart matchvinnar i bronsefinalen mot Nederland med si 2-1-skåring. Šuker deltok i sin 71. landskamp då Kroatia tapte sin opningskamp i VM i fotball 2002. Midtvegs i den andre omgangen av kampen vart han teken av bana, etter 45 landslagsmål for Kroatia og eitt for Jugoslavia fekk han ikkje fleire landkampar.

Merittar endre

  • VM-bronse: 1998 for Kroatia
  • Vinnar av meisterligaen: 1998 med Real Madrid
  • Spansk seriemeister: 1998 med Real Madrid
  • Tapande finalist i UEFA-cupen: 2000 med Arsenal FC

Kjelder endre