Opna hovudmenyen
Daylight Again
Studioalbum av Crosby, Stills & Nash
Utgjeve 21. juni 1982
Innspelt 1980-1981
Studio Rudy Records
Devonshire Sound og Sea West
Sjanger Rock
Lengd 39:50
Selskap Atlantic
Produsent David Crosby, Stephen Stills, Graham Nash
Crosby, Stills & Nash-kronologi
Replay
(1980)
Daylight Again Allies
(1983)


Singlar frå Daylight Again
  1. «Wasted on the Way»
    Utgjeve: 1982
  2. «Southern Cross»
    Utgjeve: 21. juni 1982
  3. «Too Much Love to Hide»
    Utgjeve: 1983

Daylight Again er det sjuande albumet til Crosby, Stills & Nash, og det fjerde studioalbumet med originale songar. Det nådde åttandeplassen på Billboard 200-lista og vart det siste albumet deira til no som gjekk inn på topp 10. Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet, som alle gjekk inn på Billboard Hot 100: «Wasted on the Way» nådde niandeplassen, «Southern Cross» nådde 18. plassen og «Too Much Love to Hide» nådde 69. plassen. Albumet selde til platinaplate i USA med eit sal på 1,85 millionar eksemplar.[3]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
The Music Box3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

BakgrunnEndra

Opphavet til albumet kom frå innspelingar som Stephen Stills og Graham Nash gjorde i 1980 og 1981 og albumet var opphavleg meint å bli eit Stills-Nash-prosjekt. Dei henta inn Art Garfunkel, Timothy B. Schmit og andre for å syngje vokalen som kunne ha passa for David Crosby. Sjefane i Atlantic Records var derimot ikkje interesserte i noko anna enn eit CSN-produkt frå nokon i gruppa, og heldt attende pengar, slik at Nash og Stills måtte betale for innspelingane sjølve.[4] Etter kvart gav dei etter og valte å invitere Crosby med seg i tolvte time.

Crosby henta med seg to songar til albumet, «Delta», der Stills og Nash pressa inn vokal innimellom vokalharmoniane til Crosby, som alt var spelt inn, og «Might As Well Have a Good Time», som vart spelt inn som ein CSN-song frå starten av.[5] Dei fleste innspelingane består av andre røyster i tillegg til hovudtrioen, som var første gongen på eit CSNY-album. Nytt for CSNY var òg dei mange låtskrivarane som deltok på albumet. Graham Nash skreiv den største hitten på albumet, «Wasted on the Way», som handla om då gruppa krangla og gjekk i kvar sin retning, i staden for å konsentrere seg om musikken sin. Songen «Daylight Again» utvikla seg ut frå gitarklimpring Stills hadde laga for ei teatersoge om Sørstatane under den amerikanske borgarkrigen, og glei over i «Find the Cost of Freedom», som hadde vore B-sida til «Ohio»-singelen i 1970.[6]

Albumet var det første bandet gav ut i musikkvideoalderen og det vart filma ein musikkvideo til «Southern Cross» med bandet og ein av favorittmetaforane deira, eit seglfartøy. Videoen vart ein del vist på MTV i 1982 og 1983, og var med på å heve salstala til albumet.

Albumet kom ut på CD ved tre høve: første gongen i 1980-åra, ommastra frå dei orignale masterlydbanda av Ocean View Digital og gjeve ut 20. september 1994 og til slutt ommastra med HDCD-prosessen og gjeve ut av Rhino Records den 24. januar 2006, med fire bonusspor.

InnhaldEndra

Side einEndra

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Turn Your Back on Love»   4:51
2. «Wasted on the Way»  Graham Nash 2:52
3. «Southern Cross»  
  • Stephen Stills
  • Richard Curtis
  • Michael Curtis
4:41
4. «Into the Darkness»  Graham Nash 3:23
5. «Delta»  David Crosby 4:15

Side toEndra

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Since I Met You»  
  • Stephen Stills
  • Michael Stergis
3:12
2. «Too Much Love to Hide»  
  • Stephen Stills
  • Gerry Tolman
3:58
3. «Song for Susan»  Graham Nash 3:08
4. «You Are Alive»  
  • Stephen Stills
  • Michael Stergis
3:04
5. «Might As Well Have a Good Time»   4:28
6. «Daylight Again/Find the Cost Of Freedom»  Stephen Stills 2:36

Bonusspor på 2006-utgåvaEndra

# TittelLåtskrivar(ar)Merknad Lengd
12. «Raise a Voice»  
  • Graham Nash
  • Stephen Stills
opphavleg gjeven ut på Allies 2:34
13. «Feel Your Love»  
  • Stephen Stills
  • Graham Nash
unytta opptak 4:28
14. «Tomorrow Is Another Day»  Stephen Stillsunytta opptak 4:05
15. «Might As Well Have a Good Time»  
  • Judy Henske
  • Craig Doerge
Crosby-demo 4:15

MedverkandeEndra

  • David Crosbyvokal; klaverinstrument på «Delta»
  • Stephen Stills — vokal; gitar alle spor utanom «Delta», «Song for Susan», og «Might As Well Have A Good Time»; klaverinstrument på «Turn Your Back on Love», «Since I Met You», «Raise a Voice» og «Feel Your Love»; banjo på «Daylight Again»; perkusjon på «Too Much Love to Hide»
  • Graham Nash — vokal; rytmegitar på «Turn Your Back on Love» og «Into the Darkness»; munnspel på «You Are Alive» og «Raise a Voice»; piano på «Song for Susan»; orgel på «Into the Darkness»; perkusjon på «Too Much Love to Hide»

Andre medverkandeEndra

  • Timothy B. Schmit — vokal på «Turn Your Back on Love», «Wasted on the Way», «Southern Cross», «Song for Susan», «You Are Alive», og «Tomorrow Is Another Day»; bass på «Song for Susan»
  • Art Garfunkel — vokal på «Southern Cross» og «Daylight Again»
  • Michael Stergis — gitar alle spor utanom «Delta», «Might As Well Have A Good Time», «Daylight Again», og «Raise A Voice»
  • Joel Bernsteinakustisk gitar på «Wasted on the Way» og «Song for Susan»
  • Dean Parkselektrisk gitar på «Delta»
  • Gerry Tolman — gitar på «Too Much Love to Hide»
  • Danny Kortchmar — elektrisk gitar på «Raise A Voice»
  • Mike Finnigan — klaverinstrument på «Turn Your Back on Love», «Southern Cross», «Into the Darkness», «Since I Met You», «Too Much Love to Hide», «You Are Alive», «Might As Well Have A Good Time», «Feel Your Love», og «Tomorrow Is Another Day» korvokalpå «Turn Your Back on Love», «Southern Cross», «Since I Met You», «Too Much Love to Hide», og «You Are Alive»
  • Craig Doerge — klaverinstrument på «Turn Your Back on Love», «Wasted on the Way», «Delta», «Song for Susan», «Might As Well Have A Good Time», «Raise A Voice», «Feel Your Love», «Tomorrow Is Another Day»
  • Richard T. Bear — klaverinstrument på «Southern Cross»
  • Jay Fergusonorgel på «Song for Susan»
  • James Newton Howard — klaverinstrument på «Raise A Voice»
  • George «Chocolate» Perry — bass alle spor utanom «Wasted on the Way», «Delta», «Song for Susan», «Might As Well Have A Good Time», og «Daylight Again»
  • Bob Glaub — bass på «Wasted on the Way»
  • Leland Sklar — bass på «Delta»
  • Joe Vitaletrommer på «Turn Your Back on Love», «Southern Cross», «Into the Darkness», «Too Much Love to Hide», «You Are Alive», «Feel Your Love», og «Tomorrow Is Another Day»
  • Russ Kunkel — trommer på «Wasted on the Way», «Delta», og «Song for Susan»
  • Jeff Porcaro — trommer på «Since I Met You» og «Raise A Voice»
  • Joe Lala — perkusjon på «Wasted on the Way», «Southern Cross», «Into the Darkness», «Since I Met You», «Too Much Love to Hide», «You Are Alive», og «Feel You Love»; congatrommer på «Raise A Voice»
  • Wayne Goodwin — fele på «Wasted on the Way»; cello arrangement på «Song for Susan»
  • Roberleigh Barnhart, Miguel Martinez, Ernie Ehrhardt — celloar på «Song for Susan»


ProduksjonEndra

  • Crosby, Stills & Nashprodusentar
  • Stanley Johnston, Steve Gursky — medprodusentar
  • Craig Doerge, Stanley Johnston — medprodusentar på «Delta» og «Might As Well Have A Good Time»
  • Stephen Barncard, Steve Gursky, Stanley Johnston — lydteknikarar
  • Gaylord Holomalia, Jerry Hudgins, Gerry Lentz, Jay Parti, Gordon Rowley, and Russell Schmitt — assisterande lydteknikarar
  • Jimmy Wachtel — kunstnarisk leiar
  • Mac James — design
  • Gilbert Williams — måleri
  • Henry Diltz, Mark Hanauer — fotografi
  • Joe Gastwirt — digital ommastering

KjelderEndra

  1. Planer, L. (2011). «Daylight Again - Crosby, Stills & Nash | AllMusic». allmusic.com. Henta 21. januar 2019. 
  2. Metzger, John (2011). «Crosby, Stills & Nash - Daylight Again (Album Review)». musicbox-online.com. Henta 21. januar 2019. 
  3. «RIAA - Soundscan». Greasylakes. Henta 23. januar 2019. 
  4. Zimmer and Diltz, s. 226
  5. Zimmer and Diltz, s. 228
  6. Zimmer and Diltz, op.cit.