De Havilland DH 100 Vampire

De Havilland Vampire var det andre jetdrivne flyet i Royal Air Force. Det vart utvikla og bestilt under andre verdskrigen, men kom aldri i kamp. Etter krigen vart flyet mellom anna brukt i det norske luftforsvaret.

RNAF Vampire KP-NX

Historie endre

Flyet er ei vidareutvikling av eit eksperimentfly som de Havilland starta i Hatfield sommaren 1942 og tenkt som ei erstatning for «Gloster Meteor». Vampire var òg det siste flyet der trevirke vart brukt i konstruksjonen.

 
De Havilland Vampire

Vampire flaug fyrste gong 20. september 1943 under namnet «Spider Crab». Det vart teke i bruk av Royal Air Force i april 1945, like før den andre verdskrigen var slutt. Vampire kom difor aldri i bruk som stridsfly. Fram til 1955 var flyet det primære jagarflyet til RAF, og det vart bygd nesten 4 000 fly, ca. 1 000 under lisens. Flyet vart teke i bruk av fleire andre flyvåpen, mellom anna Australia, New Zealand, Finland, Frankrike, India, Noreg og Sverige.

Vampire var eit særs allsidig fly. Det var det første jetflyet som kunne landa på hangarskip. I 1948 sette det høgderekorden ved å pressa seg opp til 18 119 m. Seinare same år vart Vampire det fyrste militære ein-setars jetflyet som kryssa Atlanterhavet.

Vampire i det norske luftforsvaret endre

 
Eit av F-EN til Luftforsvaret Mk. III Vampire-fly.
Foto: via Europeana.eu

Etter krigen vart det klårt at det norske Luftforsvaret måtte satsa på jagarfly med jetmotor til erstatning for Spitfire og Mosquito, og det vart avgjort at Vampire skulle erstatta desse. I tidsrommet frå 1948 til 1957 vart det skaffa 56 Vampire, 20 av typen F. III og 36 F.B.52. Vampire vart etterfølgt av Republic F-84 Thunderjet.

 
Norsk de Havilland DH 100 Vampire F.3 utstilt ved Flysamlinga til forsvaret på Gardermoen

Vampire i Noreg endre

Etter at det sveitsiske luftforsvaret fasa ut sine Vampire på 90-talet kjøpte Øyvind Ellingsen inn eit til landet og registrerte den sivilt som LN-JET. Det hadde base på Kjeller, og andre eigarar er mellom anna Kjeller Flyhistoriske forening.

Det finst fleire verna Vampire-fly, mellom anna flysamlinga på Gardermoen, på Norsk luftfartsmuseum og eit i Flyhistorisk Muséum på Sola.

I tillegg har ein hatt privateigde sveitsisk-bygde fly i Noreg, ein einsetar og ein, måla i norske fargar med merkinga PX-M. Flya har vore stasjonerte på Rygge Flystasjon, og delteke på flyshow i inn- og utland.[1][2]

Kjelder endre

  1. «Warbirds of Norway». warbirds.no. Arkivert frå originalen 2. juni 2018. Henta 29. september 2018. 
  2. «Squadron | Airshow | Norwegian Historical Squadron | Storbritannia». historicalsquadron (på norsk). Henta 12. november 2021. 

Bakgrunnsstoff endre