Declan Mulligan

John Declan Mulligan (fødd 4. april 1938) er ein irsk rockemusikar, songar og låtskrivar, mest kjend som gitarist i det amerikanske rockebandet The Beau Brummels. I 1964 møtte han Ron Elliott, Sal Valentino og John Petersen under ei uformell øving i Det irske kultursenteret i San Francisco.[1] Mulligan spelte mellom anna munnspelet i opninga av hitten deira «Laugh, Laugh[2] som nådde topp 20 i USA på Billboard Hot 100 i februar 1965.[3]

Declan Mulligan
Fødd4. april 1938 (82 år)
FødestadFethard i County Tipperary i Irland
OpphavUSA
AktivSidan 1964
SjangerFolkrock, poprock, garasjerock, bluesrock
InstrumentRytmegitar, bassgitar, vokal, munnspel
Tilknytte artistarThe Beau Brummels
Verka somMusikar

Mulligan vart sparka frå bandet i midten av 1965 og saksøkte bandet i 1966 på grunn av dette.[4] Han spelte seinare i det lokale bandet «The Black Velvet Band». Han kom saman med The Beau Brummels at i 1975 for eit nytt album.

DiskografiEndra

Med The Beau Brummels

KjelderEndra

  1. March, Jeff; Childs, Marti (1999). Echoes of the Sixties. New York: Billboard Books (Nielsen Business Media, Inc.). s. 133. ISBN 978-0-8230-8316-9. 
  2. Unterberger, Richie. «Declan Mulligan – Biography». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 21. oktober 2020. 
  3. «Billboard Hot 100». Billboard (Nielsen Business Media, Inc.) 77 (8): 26. 20. februar 1965. Henta 21. oktober 2020. 
  4. «Beau Brummels Deny Charges». Billboard (Nielsen Business Media, Inc.) 78 (8): 10. 4. juni 1966. Henta 21. oktober 2020.