Dei austfrisiske øyane

Dei austfrisiske øyane (tysk Ostfriesische Inseln) er ei rekkje øyar, som er ein del av Dei frisiske øyane, i Nordsjøen utanfor kysten av Niedersachsen i Tyskland.

Dei austfrisiske øyane
øygruppe
Land  Tyskland
Kart
Dei austfrisiske øyane
53°44′00″N 7°25′00″E / 53.733333333333°N 7.4166666666667°E / 53.733333333333; 7.4166666666667
Kart som viser Dei austfrisiske øyane.
Kart som viser Dei austfrisiske øyane.
Kart som viser Dei austfrisiske øyane.
Wikimedia Commons: East Frisian Islands

Dei sju busette øyane er, frå vest til aust: Borkum, Juist, Norderney, Baltrum, Langeoog, Spiekeroog og Wangerooge. Borkum høyrer til Landkreis Leer; Juist, Norderney og Baltrum er ein del av Aurich; Langeoog og Spiekeroog høyrer til Wittmund (i nærleiken av Dose); og Wangerooge er ein del av Friesland.

To øyar er ikkje busett, Memmert sør for Juist, og Mellum aust for Wangerooge. Ei anna svært lita øy, Lütjehörn, aust for Borkum, står i fare for å bli vaska bort. I 2003 annonserte det tyske kystforsvaret (NLWK) at sandbanken Kachelotplate òg skulle kallast ei øy, fordi ho ikkje lenger vart oversvømd ved flo sjø. Ho er derimot ikkje større enn 2 km², og vil sjølvsagt ikkje verte busett. Kachelotplate ligg nord for munningen til elva Ems.

Dei fleste øyane er bilfrie. Unntaket er Borkum og Norderney, som er dei mest folkesette av øyane. Det finst ingen bruer som knyter øyane til fastlandet, og kvar øy har ferjesamband.

Borkum og Norderney var to nazistiske arbeidsleirarAlderney som fekk namn etter øyane.

Øyane og det omliggande området er ein del av Schleswig-Holsteinisches Wattenmeer nasjonalpark.

Satellittbilde av øyane.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre


53°44′N 7°25′E / 53.733°N 7.417°E / 53.733; 7.417