Dei sørlege egeiske øyane
Dei sørlege egeiske øyane Νότιο Αιγαίο | |
---|---|
![]() | |
Land: | Hellas |
Hovudstad: | Ermoúpoli |
Periferieiningar: | Ándros Tínos Mýkonos Sýros Kéa-Kýthnos Mílos Náxos Páros Thíra Kálymnos Kos Kárpathos Ródos |
Folketal: | 308 975 (2011[1]) |
Areal: | 5 286 km² |
Folketettleik: | 58 /km² |
Heimeside: | www.notioaigaio.gr |
Dei sørlege egeiske øyane (gresk: Νότιο Αιγαίο, Nótio Egéo) eller Sør-Egearhavet er ein av tretten periferiar i Hellas og utgjer den sørlege delen av Egearhavet. Han består av dei to øygruppene og tidlegare prefektura Dodekanesane og Kykladane. Hovudstaden er Ermoúpoli på Sýros, medan enkelte administrative oppgåvert vert utførte frå Ródos by på Ródos, som er det økonomiske og sosiale senteret, samt turistsenter, i periferien.
Sørvest for periferien ligg Kreta, medan Tyrkia ligg i aust. Det greske fastlandet ligg i nordvest og i nord ligg Dei nordlege egeiske øyane.
Periferieiningar og kommunar endre
Etter den administrative reforma i 2010 er periferien Dei sørlege egeiske øyane delt inn i 13 periferieiningar som omfattar 34 kommunar.[2]
Periferieining | Innbyggjarar | Kommunar |
---|---|---|
Ándros | 9 221 | Ándros |
Tínos | 8 636 | Tínos |
Mýkonos | 10 134 | Mýkonos |
Sýros | 21 507 | Sýros-Ermoúpoli |
Kéa-Kýthnos | 3 911 | Kéa, Kýthnos |
Mílos | 9 932 | Sérifos, Sífnos, Kímolos, Mílos |
Páros | 14 926 | Andíparos, Páros |
Náxos | 20 837 | Náxos og dei små Kykladane, Amorgós |
Thíra | 18 883 | Folégandros, Síkinos, Íos, Santoríni, Anáfi |
Kálymnos | 29 452 | Agathonísi, Pátmos, Lipsí, Léros, Kálymnos, Astypálea |
Kos | 34 396 | Kos, Nísyros |
Kárpathos | 7 310 | Kárpathos, Kásos |
Ródos | 119 830 | Tílos, Khálki, Sými, Ródos, Kastellórizo |
Byar og tettstader endre
Dei største byane og tettstadene i periferien er:
Tettstad | Kommune | Folketal 2011[1] |
---|---|---|
Ródos by | Ródos | 49 541 |
Kos | Kos | 19 432 |
Kálymnos | Kálymnos | 12 324 |
Ermoúpoli | Sýros-Ermoúpoli | 11 407 |
Ialysós | Ródos | 11 331 |
Náxos | Náxos og dei små Kykladane | 7 070 |
Afándou | Ródos | 6 072 |
Arkhángelos | Ródos | 5 384 |
Kremastí | Ródos | 5 363 |
Tínos | Tínos | 4 762 |
Páros by (Parikía) | Páros | 4 326 |
Mýkonos (Khóra) | Mýkonos | 3 783 |
Pastída | Ródos | 3 641 |
Zipári | Kos | 3 227 |
Koskinoú | Ródos | 3 175 |
Kalythiés | Ródos | 2 836 |
Kárpathos (Pigádia) | Kárpathos | 2 707 |
Paradísi | Ródos | 2 632 |
Referansar endre
- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «South Aegean» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2007.