Dei sju dødssyndene

Dei sju dødssyndene er ifølgje katolsk tradisjon synd som

  1. leier til andre laster og synder
  2. leier til evig fordømming (om ein ikkje angrar og skriftar)
Dei sju dødssyndene av målaren Hieronymus Bosch (1450-1516)

Gjennom desse syndene mister den kristne tilgangen til andre sakrament enn skriftemålet. I skriftemålet kan den kristne gjennom eit medvite og reflektert oppgjer med handlingane sine leggje syndene bak seg gjennom eit oppriktig ønskje om ikkje å gjenta dei. Den oppriktige angeren vil da kunne gje Guds tilgjeving, formidla gjennom presten i den såkalla absolusjonen.

Dødssyndene vert i dag ofte omtala som alvorlege synder, i motsetning til veniell synd eller svakheitssynder.

Pave Gregor I den store skal ha identifisert dei sju dødssyndene som:

Dødssyndene er òg kjende under akronymet saligia.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  • Artikkelen er omsett frå bokmål og svensk Wikipedia den 22. februar 2007

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Dei sju dødssyndene