Antillane er eit fellesnamn for dei karibiske øyane med unntak av Bahamas.

Ein skil mellom Dei store Antillane og Dei små Antillane. Dei store Antillane ligg i nordvest og inkluderer øyane Cuba, Jamaica, Hispaniola (med Haiti og Den dominikanske republikken) og Puerto Rico. Dei små Antillane omfattar resten av øyane i dette arkipelet frå Dei amerikanske Jomfruøyane til Aruba i sørvest.

Frå Puerto Rico til Martinique blir dei kalla Leeward Islands, frå Martinique til Trinidad, Windward Islands.

Antillane er toppen av ei vulkansk fjellkjede, eit framhald av fjella i Sør-Amerika.

Dei store Antillane endre

Dei små Antillane endre