Dei vestlege Ghatfjella

Dei vestlege Ghatfjella (engelsk Western Ghats) eller Sahyadrifjella er ei fjellkjede som ligg langs den vestlege kysten av India. Fjellkjeda går nord-sør langs vestsida av Deccanplatået og skil det frå ei smal kystslette ved Arabiahavet. Ho er rundt 1600 km lang.

Frå Matheran ved Mumbai.

Nordenden av Dei vestlege Ghatfjella ligg nær delstatsgrensa mellom Gujarat og Maharashtra, sør for elva Tapti. Fjellkjeda går gjennom Maharashtra, Goa, Karnataka, Tamil Nadu og Kerala før ho endar ved sørspissen av India i Kanyakumari.

Ordet «ghat» betyr trappetrinn. Ei tilsvarande fjellkjede, Dei austlege Ghatfjella, ligg aust i India.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Dei vestlege Ghatfjella
  Denne geografiartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.