Delstaten São Paulo

delstat i Brasil
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå São Paulo (fleirtyding).
São Paulo
Geografisk plassering

Delstat i Brasil

Hovudstad São Paulo
Flatevidd

 - Rangering i Brasil

248 808,8 km²

12.

Folketal (2005)

 - Rangering i Brasil
 - Folketettleik

40 442 795

1.
152,7/km²

Grunnlagd 1709
Offisielle språk Portugisisk
Guvernør Rodrigo Garcia
Nettstad www.saopaulo.sp.gov.br/
Flagg
Flagg

São Paulo er ein delstat i den søraustlege delen av Brasil og har ei befolkning på om lag 38 millionar (2003). Hovudstaden heiter òg São Paulo. Delstaten er eit økonomisk og industrielt kraftsenter i Brasil og i Sør-Amerika.

Økonomi endre

São Paulo står for om lag ein tredjedel av Brasil sitt BNP og ein tredjedel av landet sitt energiforbruk. Delstaten har omfattande industri, dette innebér både stål-, mekanisk- og elektronikkindustri. Fleire bilkonsern har fabrikkar her og flyprodusenten Embraer har hovudkvarteret sitt i delstaten.

Innan landbruk er blant anna kaffi ein viktig inntektskjelde.

Politikk endre

Politikken i São Paulo er kontrollert av Arbeiderpartiet (PT) og av Sosialdemokratane (PSDB). Begge desse partia har opphav i denne delstaten. Guvernøren, Rodrigo Garcia, kjem frå PSDB, tiltredde etter at João Doria trekte seg.

To av dei fem siste brasilianske presidentane, Fernando Henrique Cardoso (PSDB) og Luiz Inácio Lula da Silva (PT), bur i delstaten.

Historie endre

Den første busetjinga i delstaten er registrert attende til 1532, med danninga av Vila da São Vicente. I 1554 vart det etablert ein jesuitt-misjon som skulle kristne tupi-indianarane i området. Denne misjonen vart seinare til det som i dag er São Paulo by.

Delstaten fekk sitt første økonomiske oppsving på 1900-talet med etableringa av fleire kaffiplantasjar i området. For å kunne eksportere kaffien gjennom hamnebyen Santos vart det i denne perioden bygd både vegar og jernbaner.

Veksten i kaffiplantasjane gjorde at eit stort tal innvandrarar kom til delstaten frå midten av 1900-talet og utover. Desse innvandrarane kom frå land som Tyskland, Italia, Libanon og Japan. I tillegg til innvandrarar, har delstaten òg opplevd ei stor innflytting frå andre delar av Brasil, spesielt frå delstatane i nordaust.

 
Satellittbilde over storbyområdet São Paulo og omland

Byar endre

Viktige byar er São Paulo (hovudstad), Santos, Campinas, Osasco, São José dos Campos og Ribeirão Preto.

Andre byar er: Araraquara, Araçatuba, Barretos, Bauru, Franca, Jacareí, Jundiaí, Marília, Piracicaba, Presidente Prudente, São Carlos, São José do Rio Preto og Sorocaba.

Bakgrunnsstoff endre