For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Demonstrasjon (fleirtyding).

Demonstrasjon er eit forsøk på å leggja fram offentleg eit standpunkt eller sinnelag på ein tydeleg eller oppsiktsvekkande måte. Demonstrasjonar kan ta form av opptog, samlingar eller aksjonar. Verkemiddel kan vera slagord som ein gjerne roper i kor, plakatar, talar, utkleding og drama. Demonstrasjonar er eit politisk og demokratisk verkemiddel som ofte går fredeleg for seg, men kan ved visse omstende utarta til vald eller verka meir som trugsmål. Demonstrasjonar kan også brukast til å rokka ved makta, og kan vera eit ledd i arbeidet for å erobra og halda på makta.

Afroamerikanske kvinner marsjerer i demonstrasjonstog under «March on Washington for Jobs and Freedom» i 1963, som hadde Lincolnmonumentet i Washington DC som mål.
Demonstrasjonane på Tahrirplassen i Kairo under den egyptiske revolusjonen i 2011 varte i fleire dagar, og førte til at regimet til Hosni Mubarak fall.

Demonstrasjonstog er ei vanleg form for demonstrasjon. Her går dei demonstrerande ei viss rute, til dømes gjennom ein by, til ein samlingsstad eller til eit maktsymbol (til dømes eit rådhus eller ei nasjonalforsamling). Slike tog kan arrangerast i samband med enkeltsaker eller skje ved visse faste høve, som kvinnedagen 8. mars eller arbeidardagen første mai.

Demonstrasjonssamlingar kan gå føre seg på ein større plass, ved ein maktstad eller ved det det blir demonstrert mot. Slike demonstrasjonar kan ofte gå føre seg ei viss tid, og kan ha færre deltakarar enn demonstrasjonstog.

Aksjonar kan utførast av endå færre demonstrantar, og kan til dømes vera stunt meint å skapa merksemd om saken ein demonstrerer om.

Unntaksvist kan demonstrasjonar utarta til samanstøyt mellom demonstrantar og grupper med eit anna politisk standpunkt, mot politi eller med andre representantar for ordensmakta.

Kjelder endre

  • «Demonstrasjon» (26. mai 2014), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 1. januar 2015.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Demonstrasjon