Den Norske Turistforening

(Omdirigert frå Den Norske Turistforeining)

Den Norske Turistforening (DNT) er ei foreining for vandrarar og anna friluftsfolk, og den største friluftsorganisasjonen i Noreg, med over 240 000 medlemmar. Til saman er 57 lokale turistforeinigar og turistlag tilslutta Den Norske Turistforening, som er ein «paraplyorganisasjon» og landsforeining for desse lokale turistforeiningane. Dei lokale foreiningane driv hytter på fjellet og i skogane, merkjer og legg til rette turstiar og arrangerer turar i kvar sine eigne geografiske område, medan Den Norske Turistforening tek seg av dei sentrale oppgåvene, som mellom anna går ut på å gje ut medlemsbladet Fjell og Vidde og årboka, drive organisasjonsarbeid, naturvernarbeid, medlemsteneste og informasjons- og marknadsføringsarbeid. Lokalforeiningane driv til saman 411 hytter, merkjer 19 000 km sommarruter (turstiar) og 5 000 km vinterruter (skiløyper). Foreiningane held årleg 2 500 turar og kurs, både i inn- og utland. Kristin Krohn Devold er generalsekretær (2011).

Den Norske Turistforening

Typeforening/lag/innretning
Org.nummer979469241
Skipa1868
HovudkontorOslo
Medlemmer320 432
Nettstadhttps://dnt.no Sjå dette på Wikidata
Varden og den raude T-en som turistforeininga merkjer rutene sine med.
Foto: Kjetil Lenes
Turstiar i til dømes Nordmarka i Oslo vert òg merkte og haldne ved like av turistforeininga

Historie

endre
 
DNTs lokale i Oslo sentrum

Foreininga blei grunnlagd den 21. januar 1868 etter pådriv frå konsul Thomas Johannesen Heftye og kaptein Hans Hagerup Krag.[1] I tillegg til desse to sat oberst Fredrik Næser, professor Halvor Rasch, og assessor W. Erichsen i den første direksjonen. Turistforeininga hadde som føremål «at lette og udvikle Turistlivet her i Landet».[2] Den første medlemsforeininga blei Oslo og omland, grunnlagd same året som hovudforeininga, i og med at Den Norske Turistforening og lokalforeininga var den eine og same foreininga fram til Den Norske Turistforening byrja å fungere som nasjonal foreining.

Medlemsforeninger

endre
 
Det særprega gardshuset på Fuglesteg var restaurert og blir disponert av Luster turlag.

Dei 57 medlemsforeningane med lokallag er:

 
Blåfjellenden tilhøyrer Stavanger turistforening

Kjelder

endre
  1. «150 ÅR MED TURGLEDE» (på norsk bokmål). Den Norske Turistforening. Henta 15. mars 2023. 
  2. «TING DU IKKE VISSTE OM DNT» (på norsk bokmål). Den Norske Turistforening. Henta 15. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Den Norske Turistforening