Kongressen i USA

(Omdirigert frå Den amerikanske kongressen)

Kongressen (engelsk United States Congress) er namnet på den riksdekkjande lovgjevande forsamlinga i Sambandsstatane, med sete i hovudstaden Washington, DC. Kongressen vert utgjort av to kammer, eller «hus»: Senatet har to senatorar frå kvar delstat, i alt 100, medan Representanthuset har 435 sete, som vert fordelte mellom delstatane etter folketalet.

Kongressen


TypeTokammersystem[1]
VirkefeltUSA
Skipa4. mars 1789
JurisdiksjonUSA
Nettsidehttps://www.congress.gov

Alle delstatane i USA, bortsett frå Nebraska, har eit liknande kongress-system på delstatsnivå med to kammer.

Kjelder endre

  1. Union List of Artist Names (på engelsk), ULAN 500356368, Wikidata Q2494649, henta 26. september 2021 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kongressen i USA