Den antarktiske plata

Den antarktiske plata er ei jordskorpeplate som inneheld kontinentet Antarktika og strekkjer seg utover og under havet omkring. Den antarktiske plata grensar nesten berre til midthavsryggar. Dei tilstøytande platene er Nazcaplata, Den søramerikanske plata, Den afrikanske plata, Den indoaustralske plata, Stillehavsplata, og over ei transformasjonsgrense, Scotiaplata.

██ Den antarktiske plata, vist i blått

Den antarktiske plata dekkjer om lag 60 900 000 kvadratkilometer.[1] Ho er den femte største plata i verda.

Den antarktiske plata flyttar seg kring 1 centimeter i året mot Atlanterhavet.

Kjelder endre

  1. SFT and the Earth's Tectonic Plates, arkivert frå originalen 17. februar 2013, henta 8. januar 2014