Den antoninske muren

(Omdirigert frå Den antoninske mur)

55°58′N 4°4′W / 55.967°N 4.067°W / 55.967; -4.067

Grensene til Romarriket i Storbritannia

Rester ved Barr Hill nær Twechar
LandStorbritannia
Innskriven ved UNESCOs 32. sesjon i 2008.
Referansenr. 430.
Kriterium:II, III, IV
Sjå ògVerdsarvstader i Europa
BakgrunnsstoffGrensene til Romarriket i Storbritannia ved unesco.org

Den antoninske muren var ein romersk forsvarsmur av stein og jord mellom romersk Britannia og Caledonia. Han gjekk tvers over det som i dag er det skotske låvlandet. Muren har namn etter keisaren som gav ordre om å byggja han, Antoninus Pius.

Kart som viser kvar Den antoninske muren og Hadrians mur gjekk.

Bygginga byrja i 142 og var fullført i 144. Muren var 60 km lang, og gjekk frå Old Kirkpatrick ved Firth of Clyde til Bo'ness ved Firth of Forth. Han skulle erstatta Hadrians mur, som låg 160 km lenger sør. Det blei oppretta midlertidige fort og leirar nord for muren, men romarane klarte aldri å erobra området som var under piktisk og keltisk kontroll. Muren blei angripen fleire gonger.

Den antoninske muren var svakare enn Hadrians mur, men til å vera eit så stort byggverk fullført på berre to år i utkanten av imperiet var han eit imponerande stykke arbeid. For det meste bestod han av ein fire meter høg jordvoll med ei brei vollgrav på nordsida, og ein veg på sørsida. Det var opphavleg planlagd å byggja eit fort kvar tiande kilometer, med dette blei revidert til kvar tredje kilometer. Totalt blei det reist 19 fort langs muren før han blei gjeven opp.

Etter berre tjue år kom ein fram til at dei militære kostnadene med å halda muren var for høge, og legionane blei trekte tilbake til Hadrians mur i 164. Etter ein serie åtak i 197 vitja keisar Septimius Severus Britannia. Han byrja reparasjonar av muren i samband med eit felttog i dei nordlege delane av provinsen i 208. Romarane heldt muren i berre nokre år etter dette, men gjenreisinga gjorde at nokre seinromerske historikarar også kalla han «den severiske muren».

Det meste av muren er no borte, men seksjonar er synlege ved Bearsden, Kirkintilloch, Twechar, Croy, Falkirk og Polmont.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Den antoninske muren