Den apostoliske truvedkjenninga
Den apostoliske truvedkjenninga er ei av vedkjenning av den kristne trua. Truvedkjenninga skal vere eit konsentrat av undervisninga til apostlane. Den apostoliske truvedkjenninga fekk si form i det sjette hundreåret, men kan, i ei noko kortare form, følgjast attende til det andre hundreåret etter Kristus. Truvedkjenninga har tre artiklar: Om Faderen, Sonen og Den heilage ande.
Dei fleste kyrkjer står samla om tre økumeniske truvedkjenningar. Forutan den apostoliske brukast Den nikenske truvedkjenninga og Den athanasianske truvedkjenninga. I Den norske kyrkja er det den apostoliske som vert mest brukt. Innhaldet i den apostoliske truvedkjeninga er forklåra i Luthers litle katekisme.
Ordlyden i truvedkjenninga finn vi i Gudstenesteboka og i Norsk Salmebok som ein del liturgien i Den norske kyrkja. I liturgien kallast truvedkjenning gjerne for Credo etter dei latinske innleiingsorda. (Credo er latin for Eg trur.) Kyrkjelyden syng eller seier fram truvedkjenninga som ein del av gudstenesta.
Norsk tekst endreFyrste trusartikkel: |
Latinsk tekst endre
|