Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie

Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie (fransk Cour permanente de justice internationale) var ein internasjonal domstol oppretta av Folkeforbundet. Den var i verksemd frå 1921 til 1940. Domstolen handsama 29 saker mellom statar og 27 rådgjevande fråsegner.

Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie
VirkefeltNederland
Skipa1922
Opphøyrt1946
HovudkontorHaag
UndergrupperFolkeforbundet
Fredspalasset i Haag der Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie hadde sete.

Domstolen blei i 1946 erstatta av Den internasjonale domstolen i samband med opprettinga av SN.

Domstolen sine leiarar endre

Namn Land Periode
Bernard C.J. Loder   Nederland 1921–1924
Hans Max Huber   Sveits 1925–1927
Dionisio Anzilotti   Italia 1928–1930
Mineitciro Adatci   Japan 1931–1934
Sir Cecil Hurst   Storbritannia 1934–1936
José Gustavo Guerrero   El Salvador 1936–1939
Sir Cecil Hurst   Storbritannia 1937–1945

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre