Opna hovudmenyen
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Dei tre grunnleggjarar av Den heilage alliansen: Russland (blå), Austerrike (gul) og Preussen (sort)

Den heilage alliansen var ein allianse som vart inngått mellom Russland, Austerrike og Preussen i 1815 på initiativ av tsar Aleksander I av Russland. Allianseavtala vart underteikna av dei tre makter i Paris den 26. september 1815. Føremålet var å stå vakt om freden og den kristne verda, derav namnet til alliansen. Alliansen kom i stand sjølv om i dei tre landa var ulike kristne konfesjonelle preferansar: Russisk-ortodoks (Russland), katolsk (Austerrike) og luthersk (Preussen).

Den svært religiøse Aleksander, etter impuls frå sin rådgjevar, baronesse Barbara von Krüdener, såg på at dei europeiske herskarane burde styrast av kristen barmhjertighet og fredsvilje. Fyrstane forplikta seg til i Den heilage treenighets namn herska over folk som fedrar og støtte kvarandre i dette forehavende.[1][2]

Innhaldsliste

Grunnleggjingseklæringen for Den heilage alliansen, 26. september 1815Endra

Deres majestetar, keisaren av Austerrike, kongen av Preussen og tsaren av Russland, har som følgje av dei store hendingane som har fylt Europa gjennom dei siste tre år, og særleg dei velgjerninger som det guddommeleg forsyn har late flyta ut over statane, viss regjeringar åleine har sett sin tillit og sina voner, har vunne den indre overtydinga, at det er naudsynt å grunngje deres gjensidige samband på dei hevdvunne sanningar som vår Himmelske Frelsers uforgjengelege religion lærer.
Dei erklærer difor høgtideleg at den her foreliggande avtale har det føremålet å forkynna dor heile verda deres urokkelige beslutning, at rettesnoren for deres handlingar i deres den indre forvaltinga til statar, så vel som deres relasjonar til kvar og ein anna regjering åleine skal vera rettferd, kjærleiken og fredens bod , som, langt i frå berre er anvendelige på privatlivet, så desto meir skal øva innverknad på fyrstanes beslutning og styra alle deire skritt, slik at dei gjev dei menneskelege institusjonane vedvarenhet og hjelper av deres ufullkommenheter.

Dei aller fleste av Europas land knytte til seg etter innbydelse i 1816 til alliansen. Frankrike tiltrådde alliansen i 1818.

Han vart ein politisk maktreiskap i tiåra etter Wienerkongressen. Den austerrikske utanriksministeren, Fyrst Metternich nytta alliansen til å verna den beståande samfunnsorden og slå ned kvart og eit forsøk på revolusjon. Alliansen freista å verna seg mot tendenser frå den franske revolusjonen, og den var imot demokrati, revolusjon og sekularisme. Med unntak av England, Pavestolen (Kyrkjestaten - for paven var overtydd om at alliansen berre var eit forsøk frå tsaren om å styra folka teokratisk) og Det osmanske riket, støtta alle øvrige statar i Europa alliansen. Det var ei konservativ rørsle som ynskte å verna freden i Europa – innanfor dei enkelte lands eigne politiske rammer.

 
Ikon, the Hearts of Jesus and Mary

Etter tsar Alexanders død i 1825 mista alliansen sin tyding og gjekk i praksis i oppløysing.

KjelderEndra

LitteraturEndra

  • Maurice Bourquin: Histoire de la Sainte-Alliance, Genève, Georg, 1954.
  • Mark Jarrett: The Congress of Vienna and its Legacy: War and Great Power Diplomacy after Napoleon .I. B. Tauris & Company, 2013, London, ISBN 978-1780761169
  • Philipp Menger: Die Heilige Allianz - ‚La garantie religieuse du nouveau système Européen‘? I: Wolfram Pyta (utg.): Das europäische Mächtekonzert. Friedens- und Sicherheitspolitik vom Wiener Kongreß 1815 bis zum Krimkrieg 1853. Stuttgart 2009, s. 209–236.
  • Philipp Menger: Die Heilige Allianz. Religion und Politik bei Alexander I. von Russland (1801-1825). Stuttgart 2014, ISBN 978-3-515-10811-9.
  • Stella Ghervas: Réinventer la tradition. Alexandre Stourdza ein l’Europe dei la Sainte-Alliance.. Honoré Champion, Paris 2008, ISBN 978-2-7453-1669-1.
  • Wilhelm Schwarz: Die Heilige Allianz. Tragik eines europäischen Friedensbundes. Cotta, Stuttgart 1935.

ReferansarEndra

  1. «Den Hellige Alliance». Den Store Danske. Henta 16. juni 2011. 
  2. «Den hellige allians». Store norske leksikon. cc-by-sa. Henta 16. juni 2011.