Den hippokratiske eiden

Den hippokratiske eiden inneheld visse etiske retningsliner og er tradisjonelt vorte avlagt av legar. Eiden blir tradisjonelt tilskriven Hippokrates (450-377 f.Kr.) eller ein av studentane hans, men den eldste kjende skriftlege kjelda ein kjenner i dag som nemner han er frå Scribonius Largus (1. hundreåret).

Eit bysantinsk manuskript frå 1100-talet med den hippokratiske eiden.
Fragment av eiden, Oxyrhynchus Papyri XXXI 2547, 200-talet

Tradisjonell tekst endre

Eg sver ved Apollon, ved Æsculap, Hygeia (Helsa), og Panakeia, og eg tek til vitne alle gudane, alle gudinnane, til å halda i samsvar med min dugleik og dømmekraft, denne Eiden.
Å halda han som lærde meg denne kunsten like kjær som mine foreldre; å leva saman med han og om naudsynt dela mitt gods med han; å sjå på hans born som mine eigne brør, å læra dem denne kunsten, viss dei ynskjer, utan betaling eller skriftleg lovnad; å overlevera kunnskapen til mine søner og til min lêremesters søner og disiplane som har verva seg, og har godteke yrkets reglar, men til ingen andre.
Eg vil bruka mine evnar til det beste for mine pasientar i samsvar med min dugleik og min dømmekraft og aldri valda nokon skade. Eg vil ikkje gje døyeleg gift til nokon som ber om det, heller ikkje gje råd til korleis dei kan avslutta sit liv. Ei heller vil eg gje noka kvinne ein substans som fører til at ho aborterar. Men eg vil halda både mitt liv og min kunst rein. Eg vil ikkje kutta etter stein, sjølv for pasientar der sjukdomen viser seg; eg vil overlata denne operasjonen til å utførast av praktiserande, spesialistar i denne kunsten.
I kvart og eit hus eg kjem til vil eg gå berre inn for pasientanes beste, halda meg sjølv langt frå all forsettelig sjølvskade og all forlokkelse til å elska med kvinnor eller menn, fri eller trell.
Alt som kjem til min viten under utøvinga av mitt yrke eller i dagleg samkvem med menneskje, som ikkje burde kjennast for andre, vil eg halda løynleg og aldri avsløra.
Viss eg held denne eiden trufast, vil eg kunna nyta mitt liv og utøvingen av min kunst, respektert av alle menneske i all tid; men viss eg avleiast frå min eid eller bryt den, måtte så det motsette verta min byrde.»

Diskusjon endre

Den tradisjonelle eiden forbyr eksplisitt abort og eutanasi (aktiv dødshjelp), og dessutan doktor–pasient-tilhøve. Den krev konfidensialitet for pasientane (tagnadsplikt).

«Steinane» som det vert vist til er nyresteinar eller gallesteinar. Fjerning av desse vart set på som for vanskeleg for allmennpraktikarar, og vart difor overlate til spesialistar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Charles Lichtenthaeler: Der Eid des Hippokrates. Deutscher Ärzte-Verlag GmbH, Köln 1984, ISBN 3-7691-0088-3.