Opna hovudmenyen
For andre internasjonale domstolar i Haag, sjå Haag-domstolen

Den internasjonale domstolen, på engelsk International Court of Justice, ICJ, er SN sin domstol. Domstolen vart skipa i 1945 og starta verksemda si i 1946. Den har sete i Haag i Nederland. Domstolen vart skipa som ein direkte etterfølgjar til Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie som var i verksemd frå 1921 til 1940.

Den internasjonale domstolen er det øvste juridiske organet i FN og har som oppdrag å bidra til at internasjonale lover blir følgde. [1] Det er berre statar som kan vere partar i saker som blir teke til handsaming i domstolen. Dersom ein stat ikkje ynskjer å vere part, kan den ikkje tvingast til det. Men godtar ein stat å møte for domstolen, har staten i utgangspunktet plikt til å respektere domstolen si avgjerd.

MedlemmerEndra

Domstolen har 15 dommarar,[2] som blir valde av FN si generalforsamling og SN sitt tryggingsråd for periodar på ni år, med tiltreding 5. februar. Dette er dei 15 noverande dommarane:

Namn Stat Posisjon Vald Periode avslutta
Hisashi Owada   Japan President 2003 2012
Peter Tomka   Slovakia Visepresident 2003 2012
Shi Jiuyong   Folkerepublikken Kina Medlem 1994, 2003 2012
Abdul G. Koroma   Sierra Leone Medlem 1994, 2003 2012
Awn Shawkat Al-Khasawneh   Jordan Medlem 2000, 2009 2018
Thomas Buergenthal   USA Medlem 2000, 2006 2015
Bruno Simma   Tyskland Medlem 2003 2012
Ronny Abraham   Frankrike Medlem 2005, 2009 2018
Sir Kenneth Keith   New Zealand Medlem 2006 2015
Bernardo Sepúlveda Amor   Mexico Medlem 2006 2015
Mohamed Bennouna   Marokko Medlem 2006 2015
Leonid Skotnikov   Russland Medlem 2006 2015
Antônio Augusto Cançado Trindade   Brasil Medlem 2009 2018
Abdulqawi Yusuf   Somalia Medlem 2009 2018
Christopher John Greenwood   Storbritannia Medlem 2009 2018

Sjå ogsåEndra

FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra