Opna hovudmenyen

Oireachtas eller Oireachtas Éireann er den irske nasjonalforsamlinga. Ho er sett saman av to kammer: Det folkevalde underhuset Dáil Éireann og overhuset eller senatet Seanad Éireann, med utpeikte medlemmer. I tillegg omfattar forsamlinga presidenten av Irland, som blir direkte vald av folket.

Oireachtas
Leinsterhouse.jpg
Skipa1937
LeiararPaddy Burke (Cathaoirleach)
Seán Barrett (Ceann Comhairle)
Medlemmer226

Nasjonalforsamlinga held til i Leinster House i Dublin.

Samansetjing og valEndra

Underkammeret Dail Éireann har det meste av makta i parlamentet. Representantar her blir valde inn direkte med proporsjonal representasjon av irske innbyggjarar med stemmerett. Kravet for å ha stemmerett er at ein er fast busett i Republikken Irland, er irsk eller britisk statsborgar, og er minst atten år gammal. Underhuset kan oppløysast av statsministeren (taoiseach) til eikvar tid, og nyval skrivast ut.

Medlemmer av senatet blir ikkje vald direkte, men blir peika ut på ulike måtar:

  • 49 blir valde ut av lokalråd og parlamentarikarar
  • 11 blir peikte ut av statsministeren
  • 6 blir valde av to universitet

Presidenten blir vald direkte kvart sjuande år, og kan sitja i maksimalt to omganaer. Ved fleire høve har dei store politiske partia vore samde om kven som bør bli president, og når det ikkje blir stilt ein motkandidat blir det ikkje utført noka avstemming.

RollerEndra

For at eit lovforslag skal bli ein lov må Dáil og i dei fleste høva også senatet vedta det. Dersom overhuset nektar å godkjenna ein lov kan underhuset overstyra dette. Senatet har i praksis ikkje vetorett, bere høve til å senda forslaget tilbake med råd om å ikkje vedta det. Forslag om grunnlovsendringar må også godkjennast gjennom bindande folkeavstemming før dei blir leverte til presidenten.

Presidenten er i dei fleste høve nøydd til å signera lovar som er blitt vedtatt av begge kammera. Han kan senda lovane til den irske høgsteretten for å vurdera om dei følgjer den irske grunnloven.

HistorieEndra

Ordet «oreachtas» kjem frå det irske namnet «MacOireachtaig». Folk med dette namnet skal ha vore kongelege rådgjevarar i mellomalderen. I moderne tid blei namnet først brukt av Oireachtas i Den irske fristaten frå 1922 til 1937, og deretter av den noverande forsamlinga.

Det første parlamenten i Irland var Det irske parlamentet, som eksisterte fram til 1801, då landet blei innlemma i Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland. Det irske parlamentet styrte over øya, men var i varierande grad underlagt først det engelske parlamentet og seinare det britiske parlamentet. Parlamentet oppløyste seg sjølv i 1800 då det vedtok Act of Union 1800. Det britiske parlamentet blei dermed lovgjevande forsamling for Irland.

Den neste irske lovgjevande forsamling var første Dáil, som blei oppretta i 1919. Dette var frå britiske styresmakter sitt synspunkt ei ulovleg forsamling.

I 1920 oppretta britene Det sør-irske parlamentet. Dette blei boikotta av dei fleste som blei valde inn, og blei formelt oppløyst i 1922 då Oireachtas blei oppretta under grunnloven til Den irske fristaten.

Oireachtas i fristaten bestod offisielt av kongen og to kammer, med same namn som dei moderne kammera. I 1935 blei senatet avskaffa, og det var dermed berre eitt kammer dei neste to åra. I 1937 blei det noverande Oireachtas oppretta gjennom ei folkeavstemming om den irske grunnloven.

Sidan 1990 har debattar i Oireachtas blitt sende på fjernsyn, og sidan 1993 har ein også vist komitédebattane.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra