Opna hovudmenyen

Den israelske kystsletta (hebraisk מישור החוף, Mishor HaḤof) er ei smal kystslette langs Middelhavskysten i Israel. Sletta strekkjer seg 187 km nord til sør og er delt inn i fleire område som Zebulunsletta (nord for Haifa), Hof HaCarmel (frå Haifa til Karmelberget), Sharonsletta (frå Karmelberget til Tel Aviv) og Judeasletta (frå Tel Aviv til Zikim).[1] Heile vegen har sletta sandstrender mot sjøen og middelhavsklima.

Den israelske kystsletta
slette
Carmelbeach.jpg
Utsyn frå Karmelberget over kystsletta til Middelhavet
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Haifa distrikt, Sentral, Tel Aviv distrikt
Lengd 187 km

Fysisk geografiEndra

Området var historisk frodig i bibelsk tid, og somme stader har vore jordbruksland sidan den gong. I løpet av tida har mykje av det blitt myrland, som er blitt drenert att av sionistiske pionerar.[1] I dag er området senter for sitrusgardane i landet og mange av dei mest suksessrike jordbruksbusetnadane ligg her. Sletta er frodig med to typar tjukke elveavsetjingar, den eine ideell for åkrar og den andre ideell for sitrusfrukt.[1]

Trass i lengda er det berre to større elvar som kryssar ho. Desse er Yarkon, som er 27 km lang og flyt frå Petah Tikva til Middelhavet, og Kishon som er 43 km lang og flyt til Akkobukta nord for Haifa.[1]

Menneskelege geografiEndra

Kring 57% av folkesetnaden i Israel lever på kystsletta, dei fleste av dei i Tel Aviv storbyområde (Gush Dan) og Haifa storbyområde.[1][2][3] Det er eit hovudsakleg jødisk område av Israel, og ein av dei største jødiske regionane i verda.

Kring 4 320 000 menneske bur på Den israelske kystsletta (57% av det totale folketalet i Israel). 4 200 000 av dei er jødar (97,2%), og 120 000 israelske arabarar.

Den israelske kystsletta har vore busett i tusenvis av år og vert omtalt i bibelsk litteratur.

KjelderEndra