Den lange mesoamerikanske kalenderen

Den lange mesoamerikanske kalenderen er ein ikkje-repeterande vigesimal og base-18 kalender som vart nytta av fleire kulturar i Mesoamerika i førkolumbisk tid, mellom anna toltekarane, aztekarane og mayaene. Ein går ut frå at han oppstod blant olmekarane. Ved å nytta eit modifisert vigesimalsystem tel kalenderen talet på dagar som er gått sidan den mytologiske skapingsdagen som svarer til 11. august 3114 f.Kr. i den proleptiske gregorianske kalenderen. Kalenderen var mykje brukt på monument.

Detalj frå tre spaltar med skriftteikn frå delar av ein stele frå 100-talet, La Mojarra Stela 1. Venstre spalte gjev lang datoteljing 8.5.16.9.7, eller 156 e.Kr. Dei to til høgre er skriftteikn frå Tehuantepeceidet.

Bakgrunnsstoff endre