Termodynamikken si nulte lov

Termodynamikken si nulte lov er ei generell utsegn om lekamar i termisk likevekt som er i kontakt med kvarandre og dannar eit grunnlag for konseptet temperatur. Den mest vanlege forma av den nulte lova er:

« Viss to termodynamiske system er i termodynamisk likevekt med eit tredje system, så er dei to systema òg i termisk likevekt med kvarandre. »

Med andre ord seier den nulte lova at om ein ser på ein matematisk binær relasjon så er termisk likevekt transitiv. Enkelte kallar dette derfor for «den transitive eigenskapen i termodynamikk».

Historie endre

Uttrykket fekk namnet «den nulte lova» av Ralph H. Fowler fordi ho på mange måtar er meir fundamental enn dei andre termodynamiske lovene. Det var først på midten av 1900-talet at setninga fekk status som ei lov, lenge etter dei tre andre var stadfesta og i bruk. Det er framleis diskusjonar om statusen til lova i forhold til dei tre andre lovene.

Kjelder endre