Den sanne krossen

Den sanne krossen er krossen som Jesus Kristus ifølgje kristen tru døydde på. Det har ein særskild status i kristen tradisjon, først og fremst i dei kristne retningane som legg vekt på relikviar, men òg i enkelte retningar som elles ser bort frå eller er direkte negative til å framheva gjenstandar som heilage.

Giotto si framstilling av Kristus på krossen i ein freske frå ca. 1300.

Krossen skal ha blitt funnen igjen av kristne i Jerusalem. Ei rekkje mirakel er blitt tillagde han, og i krossfarartida var han viktig for dei kristne riddarane som kjempa om kontrollen over Jerusalem og Det heilage landet. Splintar som skal stamma frå krossen blir framleis æra i ei rekkje kyrkjer og kloster rundt om i verda.

Historie endre

 
Agnolo Gaddi si framstilling av gjenfinninga av krossen (1380).

Den første omtalen av ein fest for den sanne krossen stammar frå 300-talet. Ifølgje Den alexandrinske krønika blei han funnen i Jerusalem av keisarinne Helena av Konstantinopel den 14. september 330. Denne datoen blri feira i Den katolske kyrkja som festen for krossen si opphøging. Det finst òg ein eigen fest for gjenfinninga av krossen som blir feira 3. mai.

Ifølge legenda sørgde Konstantin den store, sonen til Helena, for å få rive eit tempel vigd Venus som stod over staden der Kristus var blitt avnretta. Biskop Makarios av Jerusalem fekk ansvaret for å riva tempelet og reisa Gravkyrkja på staden. Under dette arbeidet skal ein ha funne Kristi grav, og nær henne tre krossar og naglane som var blitt brukte. Saman med krossane låg også skiltet med innskrifta INRI som hadde hengt på Kristi kross, men det hadde losna og ein visste derfor ikkje kva for ein av de trei som var Den sanne krossen. Makarios sørgde for at dei blei tekne til ei kvinne som var alvorleg sjuk. Han bad for henne, og rørte henne med kvar av krossane. Då ein av dei rørte kvinna blei ho straks mirakuløst frisk, og denne krossen blei erklært som Den sanne krossen.

Ein annan versjon, Legenda Aurea, fortel at Helena fann tre krossar og fire naglar i ein cisterne austom Golgata. Ei avliden kvinne blei lagd på kvar kross etter tur, og vakna til live då ho blei lagd på Det sanne krossar.

 
Sølvrelikvarium frå Konstantinopel, ca. år 800, som inneheldt ein del av Det sanne krossar.

Det er punkt i legenda som ikkje stemmer, ikkje minst at Helena umogleg kan ha funne nokon kross den 14. september 330, sidan ho døydde den 30. august det året, det vil seia to veker før datoen i krønika. Det som har bidrege sterkast til å knytta Helena til funnet av krossen er truleg ei preike Ambrosius av Milano heldt i 385, der han fortalde at det var keisarinna som hadde funne det. Andre sentrale personar i tidleg kyrkjehistorie gav att historia. Noko som svekkjer henne er at Hieronymus, som budde i Jerusalem mot slutten av 300-talet, ikkje nemner henne. Det er rimeleg å gå ut frå at historia ville vore minst like godt kjent i Jerusalem som i Vesten dersom ho stemde overeins med faktiske tilhøve. Den katolske kyrkje si Matyrologium Romanum seier i utgåva frå 2001 at Helena reiste til Jerusalem, og der fann «Herren si krybbe og kross» («praesaepe eit crucem Domini invenit»).

Krossen skal ha blitt oppbevart i Gravkyrkja, noko pilegrimen Egeria fortalde i si skildring av ferda til Jerusalem i 380-åra.

 
Eit stykke av Den sanne krossen i klosteret Santo Toribio de Liébana i Spania.
Francisco J. Díez Martín (2004)

I 614 erobra Khosrau II av Persia Jerusalem, og han skal då ha teke den delen av krossen som var i Jerusalem. Den bysantinske keisaren Herakleios skal ha teke han tilbake i 628. I 630 blei det så ført tilbake til Jerusalem. Kring 1009 blei det gøymd av kristne i byen, og var skjult fram til 5. august 1099Arnulf Malecorne, den første latinske patriarken av Jerusalem, fann det att. Det han fann var eit stykke av krossen i eit relikvarium. Dette blei sett i Gravkyrkja, og gav ny styrke til krossfararane som var under hardt press. I 1187 blei krossen teke med i felt ved slaget ved Hattin, og teke av Saladin. Det forsvinn så ut av soga. Ei rekkje fragment av krossen er kjende frå andre stadar; etter den vanlege skikken med å dela relikviar i delar. Fleire kjelder frå tidleg mellomalder fortel om splintar av krossen som blei sende til pavar og monarkar.

Festar endre

Den 13. september 335 blei både Gravkyrkja og Martyriumkyrkja, òg kjend som Krosskyrkja, vigsla. Seinast i 415 byrja ein å feira vigselsfesten for Krosskyrkja i Jerusalem, og frå omkring 530 blei dette til ein fest for den sanne krossen som ein feira den 14. september. På slutten av 600-talet blei festen òg offisielt innført i Roma. Pave Sergius I nemnde den i eit skriv, og han hadde då allereie blitt feira i Roma ei tid.[1] På 700-talet tok ein òg inn ein fest for krossen som blei feira i den galliske liturgien den 3. mai. På grunn av samanblanding av datoar blei dette til festen for gjenfinninga av krossen (Inventio Sanctae Crucis), medan vigselsfesten blei til festen for opphøginga av krossen (Exaltatio Sanctae Crucis).

I Noreg feira ein begge festane. Dei finst i Missale Nidrosiense frå 1519, og var merkte av på primstaven som krossmesse om våren og krossmesse om hausten.

Pave Benedikt XIV prøvde å rydda opp i dette ved å avskaffa festen den 3. mai på 1700-talet, men lukkast ikkje i dette. I 1960 blei festen fjerna frå den romerske kalenderen av Johannes XXIII, og festen 14. september fekk dermed attende si opphavlege tyding.

Legender endre

 
Dronninga av Saba tilber treverket som stammar frå Livsens tre, og som seinare blei til Den sanne krossen. Frå ein freskesyklus av Piero della Francesca, ca. 1450–1456.

Ifølgje legenda var krossen laga av eit tre som stamma frå Livsens tre i Paradis. Aron skal ha hatt ein stav laga frå dette treet. Seinare blei det hogd og brukt til å byggja ei bru som dronninga av Saba gjekk over då ho skulle møta Salomon. Brua blei så langt seinare broten opp og brukt til å laga krossen. I seinmellomalderen og tidleg renessanse var dette ei historie som var vidt akseptert.

Kjelder endre

  1. Liber Pontificalis I, 374, 378