Den skånske krigen

Den skånske krigen var ein krig mellom Danmark og Sverige mellom 1675 og 1679 om dei tidlegare danske landskapa Skåne, Blekinge og Halland, som Sverige hadde erobra i 1658. Krigsskodeplass var ikkje berre dei ovanfornemnde provinsane, men òg Båhuslän og Västergötland, pluss dei tyske områda Sverige kontrollerte, og dessutan Austersjøen. I Noreg blir denne krigen ofte kalla Gyldenløvefeiden.

Danmark erklærte Sverige krig i september 1675. Dei tyske områda Sverige hadde blei erobra av danske og brandenburgske styrkar. Samtidig opererte danske og nederlandske krigsskip i Austersjøen og saman slo dei den svenske flåten sør før Öland.

I slutten av juni sette danske troppar over sundet til Skåne, og i løpet av nokre månader hadde dei teke heile Skåne med unnatak av Malmö, og jamvel ein del av Blekinge. Samtidig marsjerte ein dansk-norsk hær frå Noreg ned langs kysten i retning Göteborg, men blei ståande framanfor festninga Båhus.

I slutten av 1676 vende krigslykka seg. Den svenske kongen Karl XI gjekk inn i Skåne med hæren sin og sigra 4. desember i slaget ved Lund, eit av dei blodigaste slaga i skandinavisk historie (med 50% falne på begge sider). Med det blei gjenerobringa av Skåne og Blekinge innleidd. Svenskane sigra òg i slaget ved Landskrona. Derimot tapa dei sjøslaga ved Mön og Køge.

Frå sommaren 1677 til sommaren 1678 gjekk mesteparten av krigen føre seg ved byen Kristianstad, som blei halden av danskane og først kapitulerte etter lang omlægring i august 1678. Dei dansk-norsk styrkane blei samtidig trengde tilbake nordover.

Eit anna problem for svenskane var dei skånske friskyttarkorpsa (geriljastyrkar, partisanavdelingar) som kjempa på dansk side, dei såkalla snapphanane. Dei utgjorde ein stadig trugsel mot dei svenske forsyningslinjene. Med grufulle straffer prøvde den svenske kongen å undertrykkje denne rørsla. For eksempel blei det 19. april 1678 gitt ordre om å brenne ned alle landsbyar i sokna Örkened og å avrette alle våpenføre menn, det vil seie alle hankjønn mellom 15 og 60 år.

Midt i 1678 enda den fransk-nederlandske krigen, og Danmark og Brandenburg mista sine nederlandske allierte. I 1679 gav Sverige opp nokre mindre tyske område, men elles blei krigen mellom Danmark og Sverige avslutta utan grenseendringar. Det vil seie at Skåne blei verande under svensk herredømme.

Kjelder endre