Den spanske armadaen

Den spanske armadaen, på spansk Grande y Felicísima Armada, var den spanske flåten som segla mot England under kommando av greven av Medina Sedonia i 1588. Flåtestyrken var blitt send av Filip II av Spania, som gjennom ekteskapet sitt med Maria I av England hadde fått tittelen «konge av England». Som enkemannen til dronning Maria gjekk Filip altså til krig mot si eiga svigerinne, dronning Elisabet av England, sidan ho var Maria si halvsyster - begge var døtrer av Henrik VIII av England.

Engelsk måleri av den spanske armadaen

Bakgrunn endre

Føremålet med armadaen var å eskortera hertugen av Parma sine frykta «tercios» frå dei spanske Nederlanda (stort sett dagens Belgia) over Den engelske kanalen for å invadera England. Målet var å fjerna den engelske støtta til dei sameinte Nederlanda, som tidlegare hadde vore ein del av dei spanske Nederlanda (åttiårskrigen). Eit anna mål var å avskjera angrep mot dei spanske koloniane på det amerikanske kontinentet, og å gjeninnføra katolisismen i England ved å avsetja den protestantiske dronninga Elisabeth. Ekspedisjonen var støtta av pave Sixtus V, og var den største samanstøyten i den uoffisielle engelsk-spanske krigen (1585–1604).

Armadaen endre

 
Samtidig kart av ruta til armadaen
 
Moderne kart av ruta til armadaen

Den spanske armadaen bestod av 137 skip, og møtte ein engelsk flåte på 200 skip. Mange av dei spanske skipa var flytande festningar på over tusen tonn, med 50-60 kanonar langs rekkene, i alt 2500 kanonar. Om bord hadde dei 123 000 kuler og 517 000 pund krut. Kong Filip heldt seg heime på Escorial-slottet, og sette lita si til at paven sjølv hadde kyssa flagga i flaggskipet «San Martin». Alle skipa var oppkalla etter helgenar, og det var meir enn 600 prestar og munkar om bord. Mannskapet måtte gå til messe både morgon og kveld, og prostituerte var blitt sette i land før armadaen segla ut. Pave Sixtus hadde lova Filip ein million dukatar som Filip prøvde å få i forskot, sidan den spanske statskassa no var tom. Men Sixtus svarte at dei spanske troppane måtte landsetjast før det kunne vera snakk om noko bidrag.[1]

Ut frå samtidige drikkevanar tok den spanske armadaen heile 82 000 liter vin om bord, mot berre 57 000 liter vatn.[2] Filip hadde personleg rekna ut rasjonane for eit halvt år. Kvar mann skulle ha eit halvt pund kjøtsøndagar, fisk på fredagar og andre fastedagar og ost kvar onsdag og laurdag. Tusen hestar og 11 000 par sandalar var tatt med, og ein generalinspektør som skulle overta styret av England straks Elisabet var avsett. I tillegg til sjøfolka hadde dei største skipa opptil 500 soldatar om bord, i alt 20 000 rustningkledde soldatar med sverd og spyd, hellebardar og muskettar.[3]

Britane prøvde å stenga Themsen med lenker av mastetømmer tvers over elva, men nedanfor London er Themsen drygt 1 km brei ved høgvatn, og lenkene gjekk sund fleire gongar. Kveget blei drive innover i landet, sidan ingen visste kor spanjolane planla å gå i land. Ved Tilbury tok dronning Elisabeth oppstilling med hæren sin, ikkje stort fleire enn 10 000 mann. Brystpanseret til dronninga skal ha vore av blankpussa sølv så det glimta i sola, og kvite strutsefjører vaia frå det raude håret hennar. Horna skralla så hesten stegla, men Elisabeth var ein veltrent ryttar som ikkje lét seg skremma. Ho rei fram og tilbake og sette mot i mennene sine: «Eg redd? Let tyrants fear! Eg vil leva eller døy med dykk, midt i kampen.»[4]

 
Vakthytte i landsbyen Culmstock i Devon. Då armadaen kom til syne blei vardane tende heilt opp til den skotske grensa.

Vardane blei tende så snart armadaen kom til syne i sørvest, og på ei natt blussa båla heilt opp til den skotske grensa. Den engelske flåtestyrken var delt i to. Francis Drake låg i vest med dei største og sterkaste skipa. Det blir sagt at han spelte bowling i Plymouth då den spanske flåten blei meld. Han skal ha kikka på vêret, og sagt: «Eg trur vi rekk eit spel og likevel får tid til å svi skjegget på spanskekongen.» Resten av den engelske flåten låg ved Dover. Dei minste fartøya venta inne i munningen av Themsen.[5]

 
Destrucción de la Armada Invencible av José Gartner de la Peña (1892).

Etter at den spanske styrken hadde kjempa seg opp den engelske kanalen, blei han angripen av den engelske flåtestyrken, med støtte av nederlandske styrkar i slaget ved Gravelines, på grensa mellom Frankrike og dei spanske Nederlanda. Den spanske styrken ankra opp, men blei driven frå ankerplassen av eit angrep med «brennarar» (skip sette i brann for å øydelegga fienden) frå Calais; dette øydela den spanske invasjonsplanen.[6]

Grunna sterk vind blei den spanske styrken deretter bokstaveleg talt blesen ut i Nordsjøen, og freista å segla tilbake til Spania ved å segla rundt Skottland. Dårleg vêr øydela 24 av fartøya, og dei overlevande søkte hjelp i Skottland. Av den totale styrken var det 50 skip som ikkje vende tilbake til Spania. Tapet for Royal Navy var minimalt. Berre 7 skip i den engelske styrken kom ikkje tilbake, og berre tre av desse gjekk tapt i krigshandlingar.

Dei tre seinare armadaene endre

I 1569 segla Filip sin andre armada ut med over hundre skip, men då bles ein veldig storm opp i Biscayabukten, så halvparten av skipa blei øydelagde. Resten kom aldri til England i det heile. I 1597 blei den tredje armadaen utsett for nok ein storm, ved innløpet til den engelske kanalen, og kom seg såvidt heim til Spania utan å ha losna eit skot. Filips sin fjerde og siste armada fekk i 1601 landsett fem tusen soldatar i Irland, men dei blei fordrivne etter tre månader.[7]

Kjelder endre

  1. Richard Hermann: Livet med Elizabeth (s. 287-89)
  2. Jens Riise Kristensen: Barbariet tur retur (s. 69), forlaget Ørby, 2003, ISBN 87-89797-17-5
  3. Richard Hermann: Livet med Elizabeth (s. 289)
  4. Richard Hermann: Livet med Elizabeth (s. 290-91)
  5. Richard Hermann: Livet med Elizabeth (s. 291-92)
  6. Ian Friel: Brennende skip som våpen mot fienden
  7. Richard Hermann: Livet med Elizabeth (s. 304-05)