Den store depresjonen

Den store depresjonen var ein verdsomfattande økonomisk nedgang som starta med det amerikanske børskrakket i 1929 og varte gjennom 1930-talet. Dei sentrale landa der depresjonen vart utløyst var USA og europeiske land, men følgjene vart merka over heile verda. Byar vart hardt ramma, spesielt dei som var bygde opp rundt tungindustri og bygg- og anleggsverksemd stoppa heilt opp i mange land. Bønder og landsbygda vart òg ramma, då prisane på jordbruksvarer fall med opp til 50%.

Dorothea Langes Migrant Mother viser fattige landarbeidarar i California, på biletet er Florence Owens Thompson, ei 32 år gammal sjubarnsmor

Gruvedrift og skogbruk var likevel kanskje dei bransjane som vart hardast råka, då etterspurnaden fall drastisk og det var få andre sjansar til sysselsetjing for dei som hadde arbeidd der. Depresjonen enda på ulike tidspunkt i dei involverte landa, men generelt ser ein den andre verdskrigen som absolutt sluttpunkt.

Den store depresjonen fekk store politiske følgjer. Mellom anna bidrog den internasjonale økonomiske krisa til sterk vokster i oppslutninga om det tyske nazistpartiet ved valet i 1930.

Også demokratiske regjeringar tok i bruk nye verkemiddel i økonomisk og sosial politikk for å motverke krisa, såleis bruka til dømes både den norske Nygaardsvoldregjeringa og den amerikanske Roosevelt-administrasjonen ein meir eller mindre keynesiansk økonomisk politikk i andre halvdel av 1930-talet.

Kjelder endre