Den store messa i C-moll

Den store messa i c-moll (tysk Große Messe in c-Moll), K. 427 (K. 417a), er ei messe av Wolfgang Amadeus Mozart. Messa i c-moll vart komponert i 1782 og 1783 i Wien. Det storskala verket, skriven for to sopransolistar, ein tenor og ein bass, dobbelt kor og stort orkester, vart aldri skriven ferdig.

Den store messa
K. 427
Messe av Wolfgang Amadeus Mozart
SjangerKormusikk
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1782-1783
Typisk lengd54:36
Satsar/akter6

Mozart skreiv i eit brev til faren at han skreiv messa i takksemd over at forloveden Constanze hadde vorte frisk att etter ein sjukdomsperiode. Verket er ufullstendig og manglar heile Credoen og heile Agnus Dei-delen. Sanctus-delen har delvis gått tapt. Sidan treng heile teksten for å liturgisk bruk, er det truleg at Mozart sette inn delar frå tidlegare messer.

StrukturEndra

  • Kyrie (Andante moderato: Kor og sopran)
  • Gloria
    • Gloria in excelsis Deo (Allegro vivace: Kor)
    • Laudamus te (Allegro aperto: Sopran II)
    • Gratias agimus tibi (Adagio: Kor)
    • Domine Deus (Allegro moderato: Sopranar I og II)
    • Qui tollis (Largo: Dobbelt kor)
    • Quoniam tu solus (Allegro: Sopran I og II, tenor)
    • Jesu Christe (Adagio: Koral) – Cum Sancto Spiritu (kor)
  • Credo
    • Credo in unum Deum (Allegro maestoso: kor)
    • Et incarnatus est (Andante: Sopran I)
  • Sanctus (Largo: Dobbelt kor)
    • Benedictus qui venit (Allegro comodo: Kvartett og dobbelt kor)

Messa vart nytta i den Oscarnominerte animasjonsfilmen The Triplets of Belleville i ein scene då karakterane er til sjøs. Han vart òg nytta i A Man Escaped og [1] It dramaserien A Very British Coup der Credoet vart nytta som kjenningsmelodi.

KjelderEndra

  1. Donald Richie, "Bresson and Music" Robert Bresson ed. James Quandt. Toronto: Toronto International Film Festival Group (1998):

BakgrunnsstoffEndra