Den tomme mengda
Den tomme mengda er innanfor matematikk ei mengd utan element.
Notasjon
endreDen tomme mengda vert skriven «{}», « » eller « ». Dei to siste symbola vart innført av Bourbaki-gruppa i 1939, inspirert av bokstaven Ø.
Eigenskapar
endreI samsvar med eksistensialitetsaksiomet er to mengder like dersom dei inneheld dei same elementa – det finst med andre ord berre éi mengd som ikkje inneheld nokon element. Denne blir difor kalla den tomme mengda, snarare enn ei tom mengd.
For ei kvar mengd A gjeld følgjande:
- Den tomme mengda er ei delmengd av A:
- ∀A: ∅ ⊆ A
- Unionen mellom A og den tomme mengda er A:
- ∀A: A ∪ ∅ = A
- Snittet mellom A og den tomme mengda er den tomme mengda:
- ∀A: A ∩ ∅ = ∅
- Det kartesiske produktet av A og den tomme mengda er tomt:
- ∀A: A × ∅ = ∅
Den tomme mengda har følgjande eigenskapar:
- Den einaste delmengda til den tomme mengda er den tomme mengda sjølv:
- ∀A: A ⊆ ∅ ⇒ A = ∅
- Potensmengda av den tomme mengda er ei mengd som berre inneheld den tomme mengda:
- 2∅ = {∅}
- Mengda element (kardinaliteten til mengda) er null:
- |∅|= 0
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Den tomme mengden» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2011.