Flaggspett

fugleart
(Omdirigert frå Dendrocopos major)
Flaggspett
Flaggspett
Flaggspett

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Flaggspett
Utbreiinga av Flaggspett
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Spettefuglar Piciformes
Familie: Spettefamilien Picidae
Underfamilie: Picinae
Slekt: Dendrocopos
Art: Flaggspett D. major
Vitskapleg namn
Dendrocopos major

Flaggspett (Dendrocopos major) er ein av dei største fuglane i spettefamilien, og han liknar mykje på kvitryggspetten. Ryggen plar vere svart med ein kvit stor flekk på kvar side. Undersida er kvit med ein sterkt raud undergump. Hannen har ein raud liten flekk på nakken. Hoa har ikkje raud flekk på hovudet. Nebbet er kraftig og har ein meiseforma utsjånad. Flaggspetten er om lag 25 cm lang, og veg rundt 70–90 g.

Utbreiing endre

Den mest talrike av spettane i Europa er flaggspetten. I Noreg held han seg mest i lauvskog, barskog og blandingsskog både på Austlandet og Sørlandet, medan han finst lite på Vestlandet og i Trøndelag. Han tilpassar seg i større grad enn mange av dei andre spettane i landet. Han er den vanlegaste spettarten i heile landet, og det er registrert over tusen par. Talet varierer mykje i takt med frøsetjinga til bartre osv. På grunn av hogst av osp som dei brukar mykje som reir, flyttar dei.

Forplanting endre

 
Egg

Flaggspetten har alltid eit eige område og kan difor hekke tettare og tettare enn dei andre spettane. Reiret er ofte i osp og har ein diameter på 4,5–5,5 cm. Det ligg helst 5 m over bakken, men heilt ned i 1 m er også vanleg. Området han held til i vert alltid markert med den kjende tromminga på trestammen. Han kan også markere det ved å hakke på eit underlag som gjev god lyd. Egga blir lagde i mai. Han legg som regel 5–7 egg. Egga vert ruga av begge kjønn i 12 dagar. Dei kan også rugast heilt ned til 8–9 dagar, men det er uvanleg. Ungane vert i reiret i 21–23 dagar, og dei vert mata 14 dagar etterpå.

Næring endre

Han lever av frø frå gran og furu om vinteren, men kan også ete borkebiller. Det er typisk for flaggspetten å ha spettesmier, som han set fast og et frøa frå konglar. Han tek mykje insekt om sommaren, og ein del bær om vinteren. Han tek òg fuglereir frå andre fuglar.

Tilpassing endre

Flaggspetten er ein standfugl. Han kan flytte langt vekk frå området han lever i.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Flaggspett