Opna hovudmenyen

Denny Seiwell (fødd 10. juli 1943) er ein USA-amerikansk trommeslagar og opphavleg medlem av Paul McCartney-bandet Wings. Han spelte òg trommer for Billy Joel og Liza Minnelli og i musikken til filmane Waterworld, Grease II og Vertical Limit. Tromminga hans vart nytta i fjernsynsshow som Happy Days og Knots Landing.[1]

Seiwell vart fødd og voks opp i Lehighton i Pennsylvania. Han var medlem av det første Carbon County Band i 1961. Seiwell var i United States Navy som musikar. Han flytta til New York City der han vart oppdaga av McCartney, som tok han med i banet sitt Wings, og i følgje Seiwell var bandet som ein stor familie som budde i London og på garden til McCartney i Skottland. Etter å ha slutta i bandet, flytta Seiwell etter kvart til Los Angeles, der han har budd sidan 1975.[1][2]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Gower, Ron (18. mars 2010). «Denny Seiwell returns 'home' for Carbon County Band Festival». Times News. Henta 19. mai 2018. 
  2. https://www.cavernclub.org/beatleweek-bands-guest-speakers/denny-seiwell/

BakgrunnsstoffEndra