Der Zauberberg (norsk Trolldomsfjellet) er ein roman av Thomas Mann som fyrst kom ut i 1924. Boka handlar om mogningsprosessen åt ein ung mann ved namn Hans Castorp. Me fylgjer han gjennom eit sju år langt opphald ved eit tuberkulosesanatorium. Ved dette treffer Castorp menneske av alle slag, som konfronterer han med politikk og filosofi, men òg med kjærleik, sjukdom og daud.

Der Zauberberg
Der Zauberberg

Forfattar(ar)Thomas Mann
Språktysk
Blei til20. hundreåret
Sjangerdanningsroman, utviklingsroman, sosial fiksjon, filosofisk fiksjon
Utgjeven1924
ForlagSifriat Po'alim
Tittelsida til førsteutgåva.

Innhald endre

Castorp kjem til sanatoriet endre

Castorp, einebarnet åt ein hamburgsk kjøpmannsfamilie, er etter foreldra døydde oppvaksen dels hjå bestefaren og dels hjå onkelen Tienappel, og har etter ein del vingling byrja på eit studium i skipsbyggjeteknikk. Planen er at han skal ta til som lærling ved eit skipsverft, men før dette dreg han til dei sveitsiske alpane for der å vitja syskenbarnet sitt Joachim Ziemßen i sanatoriet Berghof i nærleiken av Davos.

I utgangspunktet var tanken å berre verta der i tre veker. Likevel utøver atmosfæren åt tuberkuloseanstalten, som vert leidd av Hoffråd Behrens og psykoanalytikaren Dr. Krokowski, ein underleg fascinasjon på Castorp. Ved middagsmåltidet møter han menneske som er i andenaud eller hostar blod, òg Hermine Kleefeld, som lagar ein pipande ljod med sin pneumothorax frå lunga. Han får det inntrykket at sjukdom opphøgjer og foredlar, medan personar med «jarnhelse» ofte heller er prega av einfald og trongsyn. Nettopp på grunn av dette finn han kombinasjonen «sjuk og dum» fråstøytande, særleg slik han manifesterer seg i den «mordarisk udanna» Karoline Stöhr.

Settembrini endre

Snart lærer Castorp litteraten Lodovico Settembrini å kjenna, ein humanist, frimurar og «individualistisk stemd demokrat» som nesten umerkeleg vert ein faderleg ven. I tallause små talar og føredrag om filosofiske og politiske spørsmål av alle slag tek italienaren innsatsviljug på seg den pedagogiske rolla det er å utvikla Castorps kunnskapar og erkjenningsevner. Settembrini, med sin kombinasjon av smidig-elegant åtferd og slitne klede, minner Castorp om ein «lirekassemann». Humanisten, som erklærer at leiestjerna hans er «opplysingis sol», ærer og elskar «kroppen (...), det vakre, fridomen, lidenskapen og nytingi». Han set seg sjølv som forkjempar for «livsens interesser (...) mot sentimental verdsflukt» og sameleis mot romantikken. Fylgjeleg finn han den etterklassiske musikken «fordekt politisk», i og med at han meiner at musikken kan koma til å manipulera tilhøyraren. To prinsipp ligg i evig kamp om verdi, «makti og retten, tyranniet og fridomen, overtrui og vitskapen, bakstrevariet og framsteget», Europa og Asia. I fylgje med familietradisjonen i familien hans, tek Settembrini del i kampen i namnet åt «opplysingi, den fornuftborne fullbyrdingi». Analyse duger "som eit opplysingis og sivilisasjonens verktøy (...) i det at det vernar dumme overtydingar, utløyser naturlege fordomar og underkastar autoritetar (...)