Dereše er det tredje høgaste fjellet i Låge Tatra, sentralt i Slovakia, med ei høgd på 2004 moh. Han ligg mellom dei høgaste fjella i fjellkjeda, Ďumbier og Chopok i aust og Chabenec i vest. Dereše er ein populær stad for skisport trass i høg risiko for snøras.[1] Stien på toppen av Dereše er omgjeve av hundrevis av steinvardar.

Dereše
fjell
Derese2.jpg
Dereše
Land Flag of Slovakia.svg Slovakia
Fjellkjede Låge Tatra
Høgd 2 004 moh.
Lettast tilkomst til fots frå Chopok
Koordinatar 48°56′30″N 19°34′17″EKoordinatar: 48°56′30″N 19°34′17″E

Dereše
48°56′25″ N 19°34′25″ E
Wikimedia Commons: Dereše

KjelderEndra

  1. Peakware World Mountain Encyclopedia