Det Norske Teatret
59°54′54.076″N 10°44′19.036″E / 59.91502111°N 10.73862111°E
Det Norske Teatret | |||
Det Norske Teatret i Kristian IVs gate i Oslo sentrum | |||
Skipa | 1912 | ||
---|---|---|---|
Land | Noreg | ||
Dagleg leiar | Kjersti Horn | ||
Nettstad | http://www.detnorsketeatret.no (norsk) |
Det Norske Teatret er eit teater i Oslo som spelar på nynorsk og norske målføre. Teatret vart skipa 22. november 1912 med Hulda Garborg som styreformann.
Historie
endreTeatret hadde si fyrste framsyning i Kristiansand 2. januar 1913, og la deretter ut på spelferd. Fyrste framsyning i Oslo var 6. oktober 1913 med Jeppe på Berget av Ludvig Holberg, omsett til nynorsk av Arne Garborg. Opninga skjedde med kong Håkon 7. til stades. Framsyningane etterpå var prega av at riksmålsungdomar prøvde å få stogga dei med makt ved å demonstrere i gata utanfor teatret, dei såkalla teaterslaga. Noko av det same hende i 1948, då teatret framførte Peer Gynt i nynorsk omsetjing, med musikk av Harald Sæverud.
Dei fyrste åra heldt teatret hus i Teatersalen i Rosenkrantz gt 8, hjå Bondeungdomslaget i Oslo. Deretter flytte det til Stortingsgata 16, fram til det i 1985 fekk eit nytt og moderne teaterbygg i Kristian IVs gate. Nybygget var teikna av Arkitektkontoret 4B, og vart heidra med utmerkinga Betongtavlen i 1986.[1]
Teatret er særleg kjend for å spele musikkspel. Dei største suksessane gjennom tidene har vore musikkspela Les Misérables, Cats, Piaf, Jesus Christ Superstar og Next to Normal. Teatret har også gjeve ut cd-ar, til dømes Så lenge skuta kan gå, som det vann Spellemannprisen med i open klasse i 1979.
Som det einaste større teatret i Noreg er Det Norske Teatret privat ått, av lutlaget Det Norske Teatret LL. Sidan staten gjev om lag 100 millionar kr i årleg tilskot peikar staten ut tre av fem valde styremedlemer, medan årsmøtet fritt vel to medlemer. Dei tilsette har to medlemer i styret.
Bondeungdomslaget i Oslo er største eigar, elles eig mållag og ungdomslag over heile landet og mange privatpersonar luter i teatret.
Teatersjef er Erik Ulfsby.
Teatersjefar
endre- 1912–1915 Rasmus Rasmussen
- 1915–1916 Amund Rydland
- 1916–1917 Anton Heiberg/Amund Rydland
- 1917–1918 Amund Rydland
- 1918–1920 Sigurd Eldegard/Amund Rydland
- 1920–1922 Amund Rydland
- 1922–1933 Ingjald Haaland
- 1933–1934 Hans Jacob Nilsen
- 1934–1936 Oscar Braaten
- 1936–1942 Knut Hergel
- 1942–1945 Cally Monrad
- 1945–1946 Knut Hergel
- 1946–1950 Hans Jacob Nilsen
- 1950–1951 Edvard Drabløs
- 1951–1953 Ole Gregor Liljedahl Barman
- 1953–1961 Nils Sletbak
- 1961–1975 Tormod Skagestad
- 1975–1976 Svein Erik Brodal
- 1976–1979 Tormod Skagestad
- 1979–1990 Svein Erik Brodal
- 1990–1997 Otto Homlung
- 1997–2010 Vidar Sandem
- 2011– Erik Ulfsby
Kjelder
endre- ↑ Betongtavlen 1961-2008 Arkivert 2014-03-17 ved Wayback Machine. frå Betong.net
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Alfred Fidjestøl Trass alt. Det norske teatret 1913-2013 Dramatiske scener frå 100 års teatereventyr, Samlaget 2013 ISBN 9788252178753