Den afrikanske plata

(Omdirigert frå Det afrikanske skjoldet)

Den afrikanske plata er ei jordskorpeplate som omfattar kontinentet Afrika, i tillegg til havskorpa som ligg mellom kontinentet og dei forskjellige midthavsryggane omkring.

██ Den afrikanske plata, vist som lilla-oransj.

Grenser endre

Vestsida er ei divergerande grense mot Den nordamerikanske plata i nord og Den søramerikanske plata i sør, med Den atlantiske midthavsryggen i mellom. I nordaust grensar plata tli Den arabiske plata, i søraust til Den indoaustralske plata, i nord til Den eurasiske plata og Den anatolske plata, og i sør til Den antarktiske plata. Alle desse er divergerande eller spreiande grenser utanom den nordlege grensa mot Den eurasiske plata (og utanom ein kort del nær Asorane, kalla Terceirarifta.

Delar endre

Den afrikanske plata består av fleire kratonar, som er stabile blokker av gammalt grunnfjell med djupe røter i mantelen, og mindre stabile terranar som kom i lag for å danne det afrikanske kontinentet under samlinga av superkontinentet Pangea for kring 550 millionar år sidan. Kraonane er, frå sør til nord, Kalaharikratonet, Kongokratonet, Tanzaniakratonet og Det vestafrikanske kratonet. Kratonane var spreidde og fråskilde i tidlege tider, men kom saman under den panafrikanske orogenesen og heldt saman etter at kontinentet Gondwana delte seg. Kratonane er knytte sama av orogenetiske belter, regionar med sterkt deformert fjell der dei tektoniske platenen har støytt saman. Saharakratonet har forsøksvis blitt identifisert som ein kraton som har løsna frå mantelen, men kan òg vere ei samling av jordskorpefragment som vart føydd saman under den panafrikanske orogenesen.

I somme området er kratonane dekte av sedimentære basseng, som Tindoufbekkenet, Taoudenibekkenet og Congobekkenet, der eldgammal jordskorpe ligg under nyare sediment. Platene omfattar skjersoneer, som Den sentralafrikanske skjersonen og rifter som Anzatråget.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre