Det beliziske riksvåpenet

Det beliziske riksvåpenet viser til landet sin tømmerindustri. Det blei teke i bruk 28. januar 1907, og blei seinare motivet på flagget.

Det beliziske riksvåpenet.

Våpenet er eit tredelt skjold som viser hogstreiskapar i dei to øvre felta og eit seglskip i den nedste. På kvar side av skjoldet står ein skogsarbeidar; han til høgre med brun hud, han til venstre med lysare. Over skjoldet strekker eit mahognitre seg. Under er ein banderole med valspråket til Belize: Sub umbra floreo ('Eg blømer i skuggen'). Rundt det heile er ei bladranke med femti blad til minne om året 1950, då frigjeringa av dåverande Britisk Honduras tok til.

Kjelder endre

  • Complete Flags of the World, Dorling Kindersley, femte utgåve 2008.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Det beliziske riksvåpenet