Det ekvatorialguineanske riksvåpenet
Det ekvatorialguineanske riksvåpenet blei teke i bruk 21. august 1979. Riksvåpenet består av eit grått skjold med eit silkebomullstre. Over skjoldet er det seks gule sekstagga stjerner som symboliserer fastlandet, og dei fem øyane som landet består av. Under skjoldet er det eit kvitt band med landets valord frå 1968; Unidad Paz Justica «Eining, fridom, rettferd». Valordet var under regjeringstida til diktator Francisco Nguema (1972–1979) endra.
Historiske riksvåpen
endre-
Riksvåpenet til både Portugisisk Guinea og Spansk Guinea.
-
Våpenskjoldet til den spanske kolonien Río Muni.
-
Riksvåpenet til Ekvatorial-Guinea under regjeringstida til diktator Francisco Nguema (1972–1979).
Bakgrunnsstoff
endre- Flagg og riksvåpen. Teknologisk forl. 2000. s. 92. ISBN 8251205832.
- Denne artikkelen bygger på «Ekvatorial-Guineas riksvåpen» frå Wikipedia på bokmål, den 9. oktober 2024.