Det første slaget ved Kapp Finisterre i 1747

Det første slaget ved Kapp Finisterre var utkjempa 14. mai 1747 då 14 britiske linjeskip under admiral George Anson gjekk til åtak på ein fransk konvoi på 30 skip kommandert av Admiral de la Jonquière under den austerrikske arvefølgjekrigen. Britane kapra fire linjeskip, to fregattar og sju handelsskip i eit sjøslag som varte om lag fem timar i Biscayabukta utanfor Kapp Finisterre nordvest i Spania. Ein fransk fregatt, eit krigsskip frå Det franske austindiske kompaniet og dei andre handelsskipa kom seg unna.

Det første slaget ved Kapp Finisterre
Del av den austerrikske arvefølgjekrigen

Dato 14. mai 1747
Stad Utanfor Kapp Finisterre
Resultat Britisk siger
Partar
Storbritannia 1606-1801 Storbritannia Frankrike Frankrike
Styrkar
14 linjeskip,
2 fregattar,
1 brannskip
4 linjeskip,
3 fregattar,
30 handelsskip
Tap
4 linjeskip,
2 fregattar,
7 handelsskip kapra
Felttog i den austerrikske arvefølgjekrigen
MollwitzChotusitzDettingenToulonPfaffenhofenFontenoyHohenfriedbergSoorHennersdorfKesselsdorfRoucoux1. FinisterreLauffeld2. FinisterreHavanna

Anson var om bord på «Prince George» og kontreadmiral Sir Peter Warren«Devonshire». Dei hadde segla frå Plymouth 9. april for å hindre fransk skipsfart. Då Anson oppdaga ein stor konvoi gjorde han signal om danna ei slaglinje, då kontreadmiral Warren mistenkte at fienden alt var på flukt bort frå dei. Han sa frå til admiralen, som så gav signal om å følgje etter. «Centurion» segla raskast og kom først fram til dei bakarste franske skipa, som vart kraftige angripe og to andre skip kom akterut for å gje det franske skipet støtte. Tre engelske skip til kom fram, mellom anna «Devonshire». Franskmennene hadde mange fleire skip og kjempa fram til kl. 19 om kvelden, då alle bortsett frå to av skipa deira var kapra, samt ni av handelsskipa. Franskmennene mista 700 menn, skadde eller drepne, og britane 520. Det vart funne i overkant av £300 000 om bord på krigsskipa, som vart overført til dei britiske.

Etter sigeren vart Anson forfremma til viseadmiral og vart adla.

Eit anna slag i same området, det andre slaget ved Kapp Finisterre, følgde i oktober same år.

Involverte skip endre

Britiske (George Anson) endre

Talet bak skipsnamnet er talet på kanonar.

«Prince George» 90 (flaggskip)
«Devonshire» 66
«Namur» 74 (opphavleg 90)
«Monmouth» 64
«Prince Frederick» 64
«Yarmouth» 64
«Princess Louisa» 60
«Nottingham» 60
«Defiance» 60
«Pembroke» 60
«Windsor» 60
«Centurion» 50
«Falkland» 50
«Bristol» 50
«Ambuscade» 40 (tidelgare franske «Emuscade»)
«Falcon» 10 (korvett)
«Vulcan» 8 (brannskip)

Franske (de la Jonquière) endre

«Diamant» * 30/56 - Kapra, seinare søkt
«Philibert» * 30 - Kapra
«Vigilant» * 20 - Kapra
«Chimère» 36 - Slapp unna
«Rubis» 52 - Kapra
«Jason» 50 - Kapra
«Sérieux» 64 (flaggskip) - Kapra
«Invincible» 74 - Kapra
«Apollon» * 30 - Kapra
«Thétis» * 22 - Kapra
«Modeste» * 18 - Kapra
«Gloire» 40 - Kapra
«Emeraude» 40 - Slapp unna
«Dartmouth» * 18 (tidlegare britisk sjørøvarskip) - Kapra
konvoi på 24 skip eller færre - 6 kapra

Skip markerte med * var frå Det franske austindiske kompaniet

Kjelder endre