Det indiske riksvåpenet

Det indiske riksvåpenet er eit emblem som viser tre løver frå toppen av Asjoka-søyla i Sarnath. Løvene står på ein kapitel som viser ein galopperande hest til venstre, ein okse til høgre og eit dharmahjul i midten. Under står det skrive satyameva jayate, 'berre sanninga sigrar', med devanagariskrift (सत्यमेव जयते).[1]

Det indiske riksvåpenet.

Utforminga av våpenet blei vedteke 26. januar 1950, same dagen som India blei erklært republikk.[2]

Asjoka den store var ein mektig keisar som herska over store delar av noverande India, og som konverterte til buddhismen etter fleire blodige erobringar. Rundt 250 f.Kr. reiste han ei søyle for å markera staden der Gautama Buddha underviste om dharma for første gong.[2]

Innskrifta nedst er ein del av riksvåpenet, og er det offisielle mottoet til India. Teksten er eit sitat frå siste del av Mundaka-upanisjad, ein heilag hindutekst.[3]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Det indiske riksvåpenet