Det karolingiske riket

Det karolingiske riket (800-888) var eit stort imperium i det vestlege og sentrale Europa som eksisterte i byrjinga av mellomalderen. Det var styrt av karolingarane, som hadde vore kongar over frankarane sidan 751, og kongar over langobardane i Italia frå 774. I 800 blei den frankiske kongen Karl den store krona som keisar i Roma av pave Leo III i eit forsøk på å gjenoppliva Romarriket i vesten i ei tid då Austromarriket mangla ein herskar. Etter ein borgarkrig i 840-843 etter at keisar Ludvig den fromme døydde blei riket delt i mindre autonome kongerike, stadig med éin konge som var anerkhend som keisar, men utan den store autoriteten utanfor sitt eige kongerike. Samlinga av riket og arveretten til karolingarane var likevel framleis anerkjend.

Det karolingiske riket (markert med grått).

I 884 sameinte Karl den tjukke alle kongerika for siste gong, men då han døydde i 888 fall riket frå kvarandre med ein gong. Den einaste rettmessige arvingen til dynastiet var eit barn, og adelen valde i staden regionale kongar som verken stamma frå dynastiet, eller som det skjedde i det austlege kongeriket, ein uektefødd karolinar. Dei uekte linjene heldt fram med å herska i aust til 911, medan det uekte karolingiske dynastiet blei retta opp igjen i vestlege kongeriket i 898 og herska til 987 med ei avbrot frå 922 til 936.

Storleiken på riket var kring 1 112 000 km², og folketalet var mellom 10 og 20 millionar.[1] Mot sør låg emiratet Córdoba og etter 824 kongedømet Navarra, mot nord grensa riket til Daneriket; mot vest var ei kort landegrense til Bretagne, og mot aust var det ei lang grense mot slavarane og avararane. Sistnemnde blei overvunne, og landet deira blei del av riket. Den sørlege delen av Italia, der karolingarane erklærte at dei hadde autoritet, blei utfordra av bysantinarane (austromarane), og restane av lombardarriket i hertugdømet Benevento.

«Det karolingiske riket» er ei moderne nemning på riket. I offisielle dokument brukte ein dei latinske nemningane universum regnum ('heile riket', motsett dei regionale kongerika), Romanorum sive Francorum imperium ('Riket til romarane og frankarane'), Romanum imperium ('Romarriket') eller imperium christianum ('det kristne riket').[2]

Kjelder endre

  1. Post-Roman towns, trade and settlement in Europe and Byzantium – Joachim Henning – Google Břger. Books.google.dk. Arkivert frå originalen 15. oktober 2015. Henta 24. december 2014. «The size of the Carolingian empire can be roughly estimated at 1,112,000 km²» 
  2. Ildar H. Garipzanov, The Symbolic Language of Authority in the Carolingian World (c.751–877) (Leiden: Brill, 2008).