Det Norske Nobelinstitutt
(Omdirigert frå Det norske Nobelinstituttet)
59°54′55.469″N 10°43′18.782″E / 59.91540806°N 10.72188389°E
Det Norske Nobelinstitutt | |||
Det Norske Nobelinstitutt i Henrik Ibsens gate 9 i Oslo. Foto: Bjørn Erik Pedersen | |||
Type | anna juridisk person | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 971434457 | ||
Skipa | 1. februar 1904 | ||
Hovudkontor | Parkkvartalet | ||
Nettstad | https://nobelpeaceprize.org |
Det Norske Nobelinstitutt er ein institusjon som blei oppretta i 1904 for å støtte Nobelkomiteen i arbeidet med å avgjere kven som skal tildelast Nobels fredspris. Instituttet består av ei forskingsavdeling og eit bibliotek med 180 000 bind, hovudsakleg med litteratur om fredsarbeid, folkerett, internasjonal økonomi og moderne politisk historie, i tillegg til publikasjonar utgitt av internasjonale organisasjonar. Biblioteket er ope for publikum.
Instituttet blir leia av ein direktør, frå 2015 Olav Njølstad, som også fungerer som Nobelkomiteen sin sekretær.
Nobelinstituttet ligg i Henrik Ibsens gate 9 i Oslo, det inngår i Parkkvartalet og er freda.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Nobelinstituttets bibliotek
- Det Norske Nobelinstitutt i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren