Det kanadiske skjoldet

(Omdirigert frå Det prekambriske skjoldet)

Det kanadiske skjoldet (engelsk Canadian Shield eller Laurentian Shield) er ei stor fjellkjedefolding, dekt av eit tynt jordlag, som formar kjernen i den nordamerikanske kratonen. Det er eit djupt, samansett grunnfjellsområde i Aust- og Sentral-Canada, som strekkjer seg nordover frå Dei store sjøane til Nordishavet, og dermed dekker rundt halvparten av landet. Det inkluderer òg mesteparten av Grønland, og strekkjer seg i tillegg inn i USA, til områda Adirondack-fjella og Northern Highland. Det kanadiske skjoldet er U-forma, nesten som ein sirkel, noko som gjev det ein utsjånad i form av eit krigarskjold eller ein gigantisk hestesko.

Det kanadiske skjoldet sett ovanfrå.

Kjelder endre