Det britiske ultimatumet i 1890

(Omdirigert frå Det rosa kartet)

Det britiske ultimatumet av 11. januar 1890 kom etter ein tvist mellom Portugal og den britiske regjeringa om territoriet som ligg mellom dei to portugisiske koloniane Mozambik og Angola. Dette området er i dag Zimbabwe og delar av Zambia og Malawi. Portugal gjorde krav på dette og la det inn i «Det rosa kartet». Kartet kom i konflikt med britane sine ambisjonar om å byggje eit samband med jernbane mellom Kairo og Cape Town for å lenke saman dei britiske koloniane frå sør til nord på kontinentet.

«Det rosa kartet»

I 18841885 kryssa Hermenegildo Capelo og Roberto Ivens kontinentet frå Moçâmedes sør i Angola til Quelimane nord i Mozambik i eit oppdrag frå Portugal. I 1887 publiserte Portugal det territoriale kravet som sameinte dei to koloniane. Det skjedde i forståing med Tyskland. Det britiske ultimatumet kom for å tvinge Portugal til å trekkje tilbake militære styrkar ut frå det omstridde området.

Kong Carlos I gav etter for ultimatumet og i Portugal såg republikanarane på hendinga som ei nasjonal fornærming, dei skulda kongen for dette. Regjeringa måtte gå og António de Serpa Pimentel vart statsminister.

Den 20. august 1890 underteikna Portugal, Tyskland og Storbritannia ein traktat i London som fastsette grensene for Angola og Mosambik. Då traktaten vart kjent i Portugal braut det ut protestbølgjer igjen, og den nye regjeringa fall.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre