Det rwandiske flagget

Det rwandiske flagget blei teke i bruk som nasjonalflagg av Rwanda den 25. oktober 2001, samtidig som riksvåpenet i landet blei endra.

Storleiksforhold: 2:3
Det tidlegare flagget til Rwanda (1962–2001).

Flagget har fire fargar: blått, grønt og to former for gult (standard gult i det midtre bandet, og ein gyllengul farge på sola). Skilnaden mellom dei to gulfargane er lite merkbar.

Til likskap med det etiopiske flagget representerer fargane grønt, gult og blått høvesvis fred, framtidshåpet til nasjonen og folket. Sola er relativt uvanleg på nasjonalflagg, men Kiribati, Argentina, Uruguay, Japan og Kasakhstan bruker også sola som symbol.

Tidlegare flagg

endre

Det tidlegare flagget til Rwanda var ein raud/gul/grøn trikolor med ein stor «R» for å skilja flagga frå det elles identiske flagget til Guinea. Flagget blei endra fordi var knytt til brutaliteten under folkemordet i Rwanda.[1]

Kjelder

endre
  1. Roede, Lars (21. juni 2024). «Rwandas flagg og våpen». Store norske leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Det rwandiske flagget